Annonse
04:43 - 17. januar 2014

Fri oss frå det vonde

Frigjering høyrest ut som ein edel tanke, men er institusjonane verkeleg ufrie?

Selvstendig museum? Er institusjonane frie til velje sine arbeidsoppgåver og sin profil? Her fra Stiklestad Folkemuseum. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix
Annonse
Fridomen ligg i tildelingsbreva – i staten si påminning om verdien av ein kultur.

KULTUR

Kulturinstitusjonane er kjøpte av staten, men no skal alle setjast fri – om vi forstår kulturministeren rett. Den raudgrøne regjeringa fekk kritikk for å ville detaljstyre kulturinstitusjonane. Dei årlege tildelingsbreva frå Kulturdepartementet gav for store føringar på profil og innhald til arbeidet med kultur ved dei ulike institusjonane, vart det hevda.

Som tilsett ved eit mellomstort regionmuseum kjenner eg meg ikkje att i skremmeorda, for i kor stor grad er «frigjering frå statlege føringar» ei relevant problemstilling for norske museum? Er musea styrte av Staten? Er ikkje institusjonane frie til velje sine arbeidsoppgåver, sin profil? Ved min eigen institusjon drøftar vi fagleg profil nærast kvar dag. Vi veit kva vi vil.

Fagleg fridom er i seg sjølv eit interessant emne. Kulturinstitusjonane skal vere frie i sin kunnskapsproduksjon, dei skal kjenne seg frie til å kritisere samfunnet omkring og dei skal våge å formidle historier om forhold som ikkje berre er koselege og stadfestande for norsk identitet, men som stiller spørsmål ved den og gjev rom til det som ikkje stemmer, ikkje passar inn. Kulturinstitusjonar i Noreg har denne fridomen. Om dei tek han i bruk, ja, det er ei anna sak.

Det var truleg meininga, då dei halvoffentlege musea frå 1975 vart sikra årleg støtte frå staten. Musea skulle få ressursar til fagleg fordjupning, til forsking, formidling og bevaring. Det var ikkje lenger tilfeldige inntekter gjennom gåver og lotteri som skulle sikre det faglege arbeidet.

Staten ville også vere med. Kulturpolitikarar på høgresida har likevel omtala tildelingsbreva frå Kulturdepartementet som reine slavekontraktar. Staten masar og staten krev, er omkvedet. Eg kjenner meg ikkje att.

Ja, for kva seier tildelingsbreva og kva krav stiller eigentleg staten? Musea, ja dei skal vere tilgjengelege for alle og gjennom arbeidet sitt skal dei fremje kvalitet og relevans. I fyrste avsnittet i brevet blir vi minte på at kulturen har sin eigenverdi og at han skal vere fri. Vidare blir ein oppmoda om å stille kritiske spørsmål til offentlege styresmakter og til samfunnet omkring. Så langt, ikkje verst.

I andre avsnittet blir vi bedne om å leggje planar for forsking og formidling, og for sikring av samlingane. Sidan musea forvaltar den store minnebanken vår for samfunnet, skulle det berre mangle.

Sist i brevet blir musea oppmoda om å ta del i feiringa av Grunnlovsjubileet og å vise omsyn til dei internasjonale konvensjonane. Greitt det. Ein skal heller ikkje diskriminere menneske som er annleis enn oss sjølve, står det, ja, og så blir vi minte på om kor hyggeleg det er dersom publikum kjenner seg inkludert ved institusjonen. Staten bed òg om ein rapport på korleis ein har brukt pengane.

Tildelingsbrevet frå staten er ingen husmannskontrakt. I staden er det ei påminning om den verdien som det norske storsamfunnet ser i arbeidet vi driv med kultur. Ikkje alle mine kollegaer i utlandet kan jobbe med eit slikt utgangspunkt. I England, til dømes, der den private finansieringa av musea er betydeleg, er samfunnskritikken sume stader fråverande.

Ikkje alle ser verdien av ein fri og uavhengig kultursektor. For lokalpolitikarar, coacharar, utviklarar og kremmarar er musea i bygde-Noreg verkemiddel for å kunne realisere heilt andre samfunnsmål enn kulturen sjølv: som folkehelse, turisme, tilfløtting og næring. Museumsarbeid handlar om å «spele på lag», om å gje innhald til ein kostnadskrevjande merkevare og om å sikre marknadsdelar. Kritikk er negativt, oppløysande og farleg. Det gjeld å «halde saman», finne det raude tråden, forsterke det koselege bygdelivet og å sikre at turistane kjem att. Fyrst og fremst.

Etter stortingsvalet i fjor haust var kulturministeren raskt ute med å proklamere si frigjerande reform. Ho kunne med fordel stogga seg i frigjeringsiveren sin. Fridomen ligg ikkje i reforma til ministeren. Fridomen ligg i dei nemnde tildelingsbreva – i at staten minner oss på verdien av ein kultur. Her har institusjonseigarar i bygde-Noreg mykje å lære.

Eg ynskjer meg i staden lokalsamfunn som oppskattar særpreg og eigenart ved dei ulike kulturinstitusjonane. Eg ynskjer meg ansvarlege eigarar som forstår kva som er det primåære formålet for institusjonane, og som forstår kva rolle dei speler i samfunnet.

Eg ynskjer meg eit lokalt kulturliv som tek oppmodinga om å fremje kritikk og dialog, og eg ynskjer meg lokale kulturarbeidarar som vågar seg vekk frå det konforme og det trivielle, og som gjev rom til det som ikkje stemmer, ikkje passar inn. Gjennom statlege tilskott har kulturinstitusjonar i Noreg denne fridomen. Tek vi han i bruk?

 

Ole Aastad Bråten

Museumskonservator og kommunepolitikar (V)

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt