Annonse
03:44 - 26. september 2014

Frå spagat til fornya status

Annonse
«Direkte og indirekte har det gått meldingar til ungdom: Utdanninga di er ikkje god nok viss du manglar studiekompetanse.»

MANUELLE

Jonas Gahr Støre vil gjere det til ei nasjonal oppgåve «å løfte statusen og stillingen til yrkesfagene». Det vil han oppnå gjennom «en dugnad både i holdninger og tiltak», skriv han i Morgenbladet 5. september.

Han bør bruke ein del av dugnaden til å endre Arbeidarpartiet sin årelange politikk på området.

Problema i fagopplæringa er ikkje av ny dato. Gjennom Reform 94 og Kunnskapsløftet, blei det lagt opp til ein breiare og meir teoribasert yrkeskompetanse. Samstundes skulle opplæringa rettast mot studiekompetanse. Dermed har opplæringa blitt for sterkt prega av teori som mange elevar opplever som lite relevant, eller som dei ikkje meistrar. Det går for lang tid før ungdommen møter dei praktiske faga, og skulane har ofte for dårleg og umoderne utstyr.

Sjølvsagt trengst det teori i yrkesopplæringa. Men denne teorien må i større grad støtte direkte opp under yrkesfaga. Samstundes må det vere fornuftige overgangsordningar mellom studieretningar. Intensjonane om å knytte yrkesfaga tett opp til krava til studiekompetanse var sikkert velmeinte, men minussidene har vore for mange.

Direkte og indirekte har det gått meldingar til ungdom: Utdanninga di er ikkje god nok viss du manglar studiekompetanse. Forslag om å gi alle med vidaregåande opplæring studiekompetanse illustrerer både dobbeltkommunikasjonen og trua på at kompetanse blir oppnådd gjennom vedtak. Denne spagatpolitkken, som har hatt stor støtte i Arbeidarpartiet, har skada yrkesopplæringa.

Gode utdanningar er viktig, men er neppe nok viss andre krefter slår beina under statusen til yrka det skal utdannast til. Når arbeidsgjevarar tilset ufaglærte i yrke som eigentleg krev fagkompetanse, er det ei fagleg degradering, som svekkjer statusen.

Legg reformprestisje til sides. La ungdom som vil det, få betre høve til ei praksisretta yrkes- og fagopplæring, dels i skule og dels i arbeidslivet. Det trengst tiltak som forsterkar og utviklar yrkesfaga:

Opprett eit nytt tilbod for elevar som ikkje får lærekontrakt. Den vidaregåande skulen må tilby eit praksisretta tilbod for denne gruppa, tett knytt til behov og oppgåver i nærings- /arbeidslivet.

• Ungdom med fullført og bestått fag-eller sveinebrev må snarast få eit reelt tilbod om å kvalifisere seg til høgre utdanning gjennom eit teoriforankra påbyggingsår, retta mot generell studiekompetanse. Eit slikt påbyggingsår må ikkje nødvendigvis ha nøyaktig dei same læreplanmåla som dei studieførebuande programma.

Fagskulane må, i staden for å streve mot høgskulestatus, rustast opp til å tilby relevant etter- og vidareutdanning og yrkesfagleg kompetanseutvikling.

Sterkare krav til offentleg sektor om å tilby læreplassar.

Tydelegare kompetanse- /sertifiseringskrav for ein del fag/yrke, og forsterka kamp mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Å løfte statusen til yrkesfaga krev tydelege tiltak både i opplæringa og i arbeidslivet. Det handlar om meir enn ein dugnad.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Ragnhild Lied
Leiar i Utdanningsforbundet

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 10 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

Toje leser De helliges leir mest som et oppgjør med selvforaktende idealister. Dette er ganske utrolig.
DAB er kringkasting akkurat som FM, og må ikke forveksles med internettradio.
At noen så kaller meg terrorist, kan jeg leve med, selv om det ikke er sant.
«Nasjonalmuseet avhender ikke kunst, som private samlere.Vårt forvaltningsoppdrag strekker seg langt inn i fremtiden.»
«Det å angripe sin egen befolkning med illegale våpen og beleire sivile områder, slik som i Madaya, er krigsforbrytelser.»
«Samfunnet frarøves en viktig kontrollmulighet for å avverge justismord.»
«Frykten for at Norge skal være utsatt for feilinformasjon og løgner i russiske medier er overdrevet.»
«For å utkonkurrere den tradisjonelle vevevirksomheten på 17–1800-tallet, så måtte det en mekanisk vevstol til.»
Hvor har vi støtt på en slik retorikk før? Om jeg ikke husker feil, var det i George Orwells roman 1984.
«LCP burde i prinsippet gjelde alle gamle skrøpelige i hjem eller sykehjem.»
Vi føyer oss lydig til de politiske og sosiale prosjektene lansert av de som kom før oss.