Debatt

Bommar med kritikken

«Dette er ei ordliste som er laga nettopp med basis i dei lokale journalistane sin eigen realitet, laga av journalistane sjølve.»

KRIGENS SPRÅK

Under tittelen «Krigens vær varsom-plakat» tar journalist Emma Tollersrud i Morgenbladet 29. august for seg ordlista «Use With Care» som International Press Institute har gitt ut om farga, hatefulle og problematiske ord og uttrykk som journalistar brukar i Israel-Palestina-konflikten.

Tollersrud har intervjua to kritiske norske medieforskarar, i tillegg til å sitere kommentator Anshel Pfeffer i Haaretz. Pfeffer meiner ordlista er ubrukeleg og kritiserer IPI og andre organisasjonar i USA og Europa for å kome til Midt-Austen for å fortelje kva folk bør gjere. Dette meiner han er illusorisk draumetenking som ikkje fører noko godt med seg.

Vi lever godt med at Tollersrud fokuserer kun på dei kritiske røystene, for hittil har IPI fått stor ros for prosjektet. Ordlista er også populær. 600 trykte eksemplar er delte ut, i tillegg har over 1000 lasta ned ordlista frå IPIs heimeside.

Men det er ikkje rett at norsk UD har gitt 1,5 millionar kroner til ordlista. Det rette er at UD har gitt 160 000 kroner, som er heile kostnaden.

Derimot har UD prisverdig støtta fleire andre tiltak i det treårige IPI-prosjektet, der over 60 modige palestinske og israelske journalistar har gått saman for å styrke journalistane og journalistikken, og der IPI har laga ein omfattande rapport om den israelske og palestinske mediedekninga. Her vert språkbruken problematisert.

Men initiativet til ordlista kom frå dei palestinske og israelske journalistane sjølve. I essaysamlinga Flags & Barriers (kan lastast ned på www.freemedia.at), fokuserer mange av prosjektdeltakarane på det uheldige i at journalistane er sentrale aktørar i ein språkleg krig.

Eg kan tilrå artiklane «Unprofessional Media Terminology Strengthens the Culture of Hate», skriven av ein palestinsk journalist, og «A Modest Suggestion for a Simple Guide», skriven av ein israelsk journalist.

Anshel Pfeffer tek dermed feil når han påstår at dette er ei ordliste som er laga på eit varmt kontor i Wien, langt bortanfrå dei harde realitetane til israelske og palestinske journalistar. Dette er ei ordliste som er laga nettopp med basis i dei lokale journalistane sin eigen realitet, og laga av journalistane sjølve. Derfor er ordlista så viktig, sjølv om ho slett ikkje er fullkomen. Men det vil ei slik ordliste heller aldri verte. Derfor er tittelen også «Use With Care».

Kjetil Haanes
IPI prosjektkoordinator

Mer fra Debatt