Debatt

Pisa-resultat gir låg lærarstatus

«I dag er det allment vedteke at lærarane ikkje er kunnskapsrike nok.»

SKOLE

Dei skuffande Pisa-resultata gav statusen til lærarane og norsk skole ein alvorleg knekk. Hadde norske elevar skåra heilt i toppen, er eg sikker på at situasjonen hadde vore ein annan. Skolefolket blei ståande med eit forklaringsproblem. Ei lettvint, snever forklaring som blei fremma, var at manglande lærarkompetanse var grunnen. Alle veit jo at læraren er den viktigaste faktoren for elevane si læring – ikkje sant?

Ein mobbekampanje starta. Ingen tok til motmæle. Samanhengen mellom dårlege elevprestasjonar og svak lærarkompetanse fekk stå utan å bli nyansert. Ikkje ein gong Utdanningsforbundet forsøkte. Omdømmet til yrkesgruppa blei angripe frå alle kantar, og lærarane sitt eige forbund, servile som alltid, var heilt einige i at meir etter- og vidareutdanning var rett medisin.

I dag er det allment vedteke at lærarane ikkje er kunnskapsrike nok, dei treng meir utdanning, og – som om det ikkje var nok – no har dei fått lågare IQ. Gjennom heile valkampen i fjor var refrenget i grove trekk: «Lærarkompetansen må hevast.» Noko som lett kan forståast som at lærarane ikkje kan jobben sin.

Skal vi heve yrkesgruppestatusen og samtidig betre elevresultata, må samanhengen mellom lærarkompetansen og elevprestasjonane nyanserast. Folk må forstå at innsatsen til elevane er heilt avgjerande for resultatet. Om dei norske elevane seier leiaren i Pisa-prosjektet, Marit Kjensli, at: «De orker ikke jobbe så hardt hvis det er noe som er vanskelig eller krever litt innsats. (…) Med en gang det er litt vanskelig eller at det krever litt, så gir de opp.»

Læring er krevjande og hardt arbeid for elevane. Læraren kan vere så høgt utdanna og kunnskapsrik han berre vil – han vil uansett aldri kunne legge kunnskapen inn i elevane. Pedagogen kan fortelje, forklare, motivere, og finne fram oppgåver. Men skal læring skje, må eleven gjere jobben. Aasmund Olavsson Vinje sa det slik: «Det er ikkje den kunnskapen du fær, men den du sjølv finn, som du kan bruka.»

Kven har kontroll over elevinnsatsen? Ja, læraren har indirekte kontroll i kraft av at han kan motivere, gjere lærestoffet spennande og gi respons. Men mogelegheitene er avgrensa. Foreldra og elevane må i sterkare grad på banen. Haldninga til skolen må endrast.

Og viktigast: Når både barn og foreldre får høyre at det er lærarane som har ansvaret for å heve elevprestasjonane i skolen, då er sjansen stor for at dei lener seg tilbake og ventar på at det skal skje.

Jogeir Bigset
Lærar

Mer fra Debatt