08:26 - 01. februar 2013

Problematisk grunnlovstolking frå Saugstad

«Grunnlova er ikkje skriven i stein.»

GRUNNLOVEN

«Problematisk grunnlovsforslag» er overskrifta på ein kronikk av Jens Saugstad i Morgenbladet 25. januar. På politisk-filosofisk grunnlag kritiserer han der framlegga om modernisering av menneskerettane i Grunnlova, som Stortinget skal ta stilling til før grunnlovsjubileet i 2014. Målet for kritikken til Saugstad er framlegga om å grunnlovsfeste typiske velferdsrettar som utdanning, tilfredsstillande levestandard, bustad og nødvendig helsehjelp.

Det er ein viktig debatt. Fleire har stilt spørsmål om det er lurt å grunnlovsfeste slike rettar, mellom anna fordi det kan bli vanskeleg og kostbart å handheve dei.

Problemet med kritikken til Saugstad er at han seier at Stortinget ikkje kan grunnlovsfeste velferdsrettar fordi det vil vere i strid med Grunnlovas «Aand» og «Principer», som det heiter i §112. Ved å trekkje inn regelen for grunnlovsendring blir argumentasjonen til Saugstad brått juridisk, og den blir feil.

La det vere klårt: Forbodet i §112 mot å endre Grunnlovas ånd og prinsipp er ikkje til hinder for å grunnlovsfeste velferdsrettar. For det fyrste har Stortinget gjort det før. Retten til arbeid vart grunnlovsfesta som §110 i 1954. For det andre har forbodet mot å endre Grunnlovas ånd og prinsipp vore uklårt og usikkert sidan byrjinga, men det har ikkje vore til hinder for endringar i det som var sentrale grunnlovsprinsipp i 1814. Eitt døme er parlamentarismen, som bryt klårt med det rådande synet på maktfordeling i 1814.

Saugstad argumenterer historisk, men han overser det sentrale: For Eidsvollsmennene var poenget med endringsregelen i §112 at Grunnlova kan endrast av folket gjennom ein særskilt endringsprosedyre. I den viktigaste kjelda til Grunnlova, grunnlovsutkastet til Adler og Falsen, seier forfattarane at når folket har rett til å endre Grunnlova så er det fordi den «nærværende Generation kan ikke paatvinge de kommende Generationer sine Love.» Med andre ord: Grunnlova er ikkje skriven i stein. Eidsvollsmennene meinte som andre grunnlovsforfattarar på den tida at ei grunnlov bør endrast i samsvar med samfunnsutviklinga. Føremålet med framlegget om å modernisere menneskerettane i Grunnlova er nettopp å bringe Grunnlova i samsvar med dagens syn på tilhøvet mellom stat og individ. Det er ingenting i §112 som medfører at Stortinget i dag er bunden av Eidsvollsmennenes syn på dette spørsmålet.

I kronikken blandar Saugstad òg saman ideen om universelle menneskerettar og den juridiske konsekvensen av at slike menneskerettar blir skrivne inn i Grunnlova. Ei grunnlovsfesting av velferdsrettar vil naturlegvis ikkje føre til at staten blir ansvarleg for å oppfylle dei utanfor Noreg. Saugstad kan sove trygt i vissa om at grunnlovsfesting av velferdsrettar ikkje vil gjere Noreg om til «en internasjonal bistandsorganisasjon», slik han fryktar.

 

Eirik Holmøyvik
Fyrsteamanuensis ved Det juridiske fakultet, UiB

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Les Morgenbladet digitalt i 10 uker for 10 kr. Bli abonnent
Annonse

Toje leser De helliges leir mest som et oppgjør med selvforaktende idealister. Dette er ganske utrolig.
DAB er kringkasting akkurat som FM, og må ikke forveksles med internettradio.
At noen så kaller meg terrorist, kan jeg leve med, selv om det ikke er sant.
«Nasjonalmuseet avhender ikke kunst, som private samlere.Vårt forvaltningsoppdrag strekker seg langt inn i fremtiden.»
«Samfunnet frarøves en viktig kontrollmulighet for å avverge justismord.»
«Frykten for at Norge skal være utsatt for feilinformasjon og løgner i russiske medier er overdrevet.»
«For å utkonkurrere den tradisjonelle vevevirksomheten på 17–1800-tallet, så måtte det en mekanisk vevstol til.»
«Det å angripe sin egen befolkning med illegale våpen og beleire sivile områder, slik som i Madaya, er krigsforbrytelser.»
Hvor har vi støtt på en slik retorikk før? Om jeg ikke husker feil, var det i George Orwells roman 1984.
«LCP burde i prinsippet gjelde alle gamle skrøpelige i hjem eller sykehjem.»
Vi føyer oss lydig til de politiske og sosiale prosjektene lansert av de som kom før oss.