Annonse
04:04 - 01. november 2013

Pappatabben

«Det kan synes som om far har særleg lett for å gløyme at relasjonar må hegnas om og takast vare på.»

Annonse
«Det kan synes som om far har særleg lett for å gløyme at relasjonar må hegnas om og takast vare på.»

 

Skilsmisse har vore tema i Morgenbladet i haust. Skilsmisse har ikkje berre følgjer for barna, ho kan òg få verknad for den omsorga som foreldra vil få frå barna sine i framtida.

Eg har nyleg intervjua 16 menn og 16 kvinner mellom 40 og 50 år om temaet hjelp til aldrande foreldre. Ein firedel av gruppa har skilte foreldre. Nokon har levd med splitta familie sidan barndomen, medan andre opplevde at mor og far gjekk frå kvarandre då dei sjølve var i slutten av tenåra eller hadde flytta heimafrå.

Studiar viser at skilte foreldre får mindre hjelp frå barna sine enn dei som lever saman. Det er likevel store variasjonar i dette bilete. Dei som etablerer seg på nytt får mindre hjelp enn dei som ikkje gjer det. Det er også stor forskjell på om det dreier seg om ei skilt mor eller ein skilt far. Fedrane kjem dårlegast ut.

Fleire fedrar enn mødrer etablerer seg på nytt etter brotet, og det kan synes som om far har særleg lett for å gløyme at relasjonar må hegnas om og takast vare på. Nokre av dei eg snakka med fortel om fedrar som nærast forsvann ut av biletet etter skilsmissa i tidleg barndom. Også fleire av dei som opplevde foreldra sit brot etter dei var ferdige med skulegongen, fortel om pappaer som blei fjerne.

Den klassiske generasjonskonflikten mellom barn og skilte foreldre utspeler seg mellom far og dotter. Studiar viser at det er denne relasjonen som er prega av størst avstand – sett frå dottera si side. Lisbeth, ei av dei eg intervjua, opplever at ho har eit godt forhold til far sin, men synes han tar lite initiativ til samvær. Det verkar som han har fullt opp med gjeremål ilag med den nye kona.

Eli på si side er skuffa over at faren har så vanskeleg for å hugse bursdagen til barna hennar. Ho har ikkje mykje kontakt med han elles i året heller. Etter skilsmissa, som gjekk hardt inn på mora, fann Eli ut at ho og faren eigentleg aldri hadde vore særleg nære.

Tredjemann Atle derimot, fortel at han har eit godt forhold til sin far, i motsetnad til den fem år eldre systera si. Sjølv kan han ikkje kome på anna forklaring til det kjølege klimaet mellom far og dotter enn at far hans gjorde det han kallar «generalpappatabben»: Då Atle fekk lappen var det fritt fram å låne bilen, men då syster hans tok sertifikat vanka formaningar og strenge restriksjonar.

I det offentlege ordskiftet omkring eldreomsorg er det ofte knytt særskilt uro til dei eldre mennene. Dei kjem dårlegast ut når det gjeld nettverk og sosial deltaking. Det gjeld også skilte åleinebuande menn. Atle reknar med at faren sin alderdom er «berga» sida kona er so mykje yngre. Eli dreg på det, men konkluderer med at ho nok kjem til å hjelpe far sin om han blir åleine. Lisbeth trur heller ikkje at ho har samvit til anna enn å gjere det. Men at dei to kvinnene kjem til pleie hyppig omgang med fedrane sine, verkar lite truleg. Det gjeld kan hende også ein del andre døtre- og søner- av skilte fedrar som for seint forsto at det krev tid og omtanke å ta vare på relasjonar.

 

Trude Brita Nergård
Forsker, NOVA

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Toje leser De helliges leir mest som et oppgjør med selvforaktende idealister. Dette er ganske utrolig.
DAB er kringkasting akkurat som FM, og må ikke forveksles med internettradio.
At noen så kaller meg terrorist, kan jeg leve med, selv om det ikke er sant.
«Nasjonalmuseet avhender ikke kunst, som private samlere.Vårt forvaltningsoppdrag strekker seg langt inn i fremtiden.»
«Samfunnet frarøves en viktig kontrollmulighet for å avverge justismord.»
«Frykten for at Norge skal være utsatt for feilinformasjon og løgner i russiske medier er overdrevet.»
«For å utkonkurrere den tradisjonelle vevevirksomheten på 17–1800-tallet, så måtte det en mekanisk vevstol til.»
«Det å angripe sin egen befolkning med illegale våpen og beleire sivile områder, slik som i Madaya, er krigsforbrytelser.»
Hvor har vi støtt på en slik retorikk før? Om jeg ikke husker feil, var det i George Orwells roman 1984.
«LCP burde i prinsippet gjelde alle gamle skrøpelige i hjem eller sykehjem.»
Vi føyer oss lydig til de politiske og sosiale prosjektene lansert av de som kom før oss.