Debatt

Jo, Ivar Aasen fann eit språk

«For språk i bruk er talen det primære og skrifta sekundær.»

SPRÅK

For ein forfattar er ei bokmelding god når ein lærer noko nytt. Ivo de Figueiredos melding av «Historia om Ivar Aasen» var ei slik bokmelding (Morgenbladet 2. august). Den språkfaglege innsikta hans er eg meir i tvil om.

I boka samanfattar eg det heile i fem ord: «Ivar Aasen fann eit språk.» Meiningslaust, svarar de Figueiredo, han konstruerte nynorsken. Den påstanden skal han få streve med å sannsynleggjere. I Noreg har Finn-Erik Vinje vore ein av dei fremste talsmennene for dette synet, som berre kan grunngivast politisk, ikkje språkvitskapleg.

Utgangspunktet er enkelt: Språk er menneskeskapt. Likevel finst det også konstruerte språk. I språkvitskapen blir dei gjerne kalla planspråk. Esperanto er berre eit av mange slike språk, laga frå grunnen av med ordforråd og grammatikk. Sammlung für Plansprachen und Esperantomuseum i Wien har sidan 1927 dokumentert om lag 500 slike planspråk. Dei mange fiktive språka i skjønnlitteraturen, frå Ringenes herre til Star Trek, er også konstruerte språk. J.R.R. Tolkien laga jamvel komplette grammatikkar for nokre av språka han dikta opp.

For språk i bruk er talen det primære og skrifta sekundær. Om lag 7100 språk er dokumenterte i bruk i verda i dag. Truleg er minst 2000 av desse enno ikkje skriftfesta. Måten talt språk blir skriftfesta på, varierer mykje. I Historia om Ivar Aasen nemner eg fleire personar i Ivar Aasens samtid som skriftfesta språk – serbisk, kroatisk, bulgarsk, slovakisk. Aasen gjorde det berre endå meir systematisk, og han var svært nøyen med at han berre skulle ha med ord og bøyingsformer som faktisk var i bruk.

Først då Ivar Aasen reiste landet rundt, høyrde han det ingen før hadde merka seg eller skrive ned. Han høyrde kor like dialektane var, ikkje berre at dei var ulike. Det var dette han fann. Han forstod tidleg at eit skriftspråk som skulle vere ein samnemnar for talespråka i Noreg, både kunne og måtte byggje på mange dialektar, ikkje på éin dialekt, slik til dømes dansk gjer. Så jo, Ivar Aasen laga ikkje eit språk – han fann det og skreiv det ned. Historia om Ivar Aasen er forteljinga om korleis det gjekk til.

Ottar Grepstad
Forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum

Mer fra Debatt