Debatt

Er svenskane unasjonale?

«Mot slutten av 1800-talet vart den konservative nasjonalismen eit bolverk mot demokratiseringa av det svenske samfunnet.»

NASJONALISME

I eit interessant oppslag i Morgenbladet 26. april spør ein seg om kulturdebatten i svensk offentlegheit dei siste månadane viser at det har klikka for svenskane. Den direkte bakgrunnen er boka til Henrik Arnstad om fascismen i Europa. I intervjuet i Morgenbladet hevdar Arnstad at fascismen har særskilt god grødemark i Noreg. Dette vert grunngjeve med den sterke nasjonalismen han meiner å kunna observera. Han hevdar jamvel at det er ein slik samanheng Anders Behring Breivik òg må setjast inn i.

I reportasjen viser Klas Åmark til den ulike rolla som nasjonalismen spelte i det norske og svenske samfunnet historisk sett. I Noreg vart han eit venstreprosjekt, i Sverige vart han eit konservativt. På denne bakgrunnen er nasjonale manifestasjonar som 17. mai vanskelege å forstå for svenskane. Åmark sine observasjonar er treffande. Her vil eg utfylla dei litt.

Mot slutten av 1800-talet vart den konservative nasjonalismen eit bolverk mot demokratiseringa av det svenske samfunnet. Her hadde den konservative nasjonalismen institusjonelle garantiar i det politiske systemet i ein heilt annan grad enn tilfellet var til dømes i Noreg. Då radikale og liberale krefter byrja å gjera seg gjeldande i det svenske samfunnet, og etter kvart som demokratiseringa skreid framover, vart innhaldet i det nasjonale prosjektet omdefinert. Den konservative «patentpatriotismen» var ikkje eit grunnlag å integrera samfunnet på. I staden vendte ein seg mot ei anna form for estetisk formspråk. Éin faktor i så måte vart «det goda hemmet», som vart ein målestav for måten samfunnet skulle styrast på: «Folkhemmet» var ein stad der det var rom for alle, og ein stad der alle fekk den omsorga dei trong. På same vis vart den industrielle moderniteten eit symbol på det svenske. Denne danna òg eit grunnlag for det som gjennom store delar av etterkrigstida var den mest avanserte velferdsstaten i verda.

Sverige var eit samfunn som vart beundra av omverda, òg fordi det spelte rolla som ein tredje veg mellom kapitalisme og kommunisme. Det svenske sjølvbiletet vart såleis prega av alt som kunne karakteriserast som nasjonalismen sine motpolar: Ein vendte blikket framover i staden for mot historia. I plassen for å vera ekskluderande såg ein seg sjølv som inkluderande. Dei tradisjonelle nasjonale symbola hadde ei underordna rolle i samfunnet sin sjølvrepresentasjon.

Det er eit slikt sjølvbilete som framleis reflekterer seg i delar av det svenske samfunnsordskiftet og som kjem til uttrykk hjå Arnstad. Innanfor ein slik horisont er det uforståeleg at det er råd å kombinera eit tradisjonelt nasjonalstatleg formspråk med å vera moderne og inkluderande. Det er likevel eit ope spørsmål om dette i seg sjølv tilseier at svenskane er mindre nasjonalistiske enn nordmenn. Har ein ikkje eigentleg her å gjera med ein nasjonal identitet som vert uttrykt gjennom andre symbol og vert formulert i andre termar?

Svein Ivar Angell
Historikar, dr. art.,
forskar ved Uni Rokkansenteret

Mer fra Debatt