Debatt

Dei som treng det minst

«Dei store regionbyane treng ikkje fleire møteplassar og kaffibarar for å snakke med forfattarane eller å skvaldre om dei nye bøkene.»

DEMOKRATI

Litteraturhusa – dei nye debatt-arenaene er overskotsfenomen for kultureliten i dei store byane. Kven tek ansvaret for det offentlege ordskiftet i dei grisgrendte stroka?

Oslo, Fredrikstad, Bergen, Stavanger, Skien, Odda, Lillehammer. Rundt om i Noreg poppar det opp moderne og innbydande møteplassar – såkalla litteraturhus. Bokelskande kvinner og menn jublar. Endeleg får dei sitt hus, sin arena, sin boltreplass der dei kan skåle i kaffi og sjampanje og lytte til kjende forfattarar på besøk. Eller delta i debatten. Dei nye, offentlege husa skal vere eit bidrag til å styrke ordskiftet og diskusjonen endå meir, blir det sagt.

Dei nye millionbygga er del av ein trend – eit ynske om å fylle eit tomrom, hevdar nokre. Men snakkar vi om eit innbilt tomrom? Regionbyane manglar korkje kulturtilbod, kulturhus, bibliotek eller møteplassar. Mengda av kulturtilbod er enorm. Dei nemnde byane har alt fasilitetane på plass for å fylle alle slags kulturbehov. Kulturen og debatten manglar ingen stader å vere. Litteraturhusa er med andre ord konkurrentar til alt eksisterande, oppegåande kulturinstitusjonar.

Nyetableringane av litteraturhusa i dei største byane er sikkert trivelege for dei som har høve til å ta del. Då er det annleis i dei grisgrendte stroka, i bygder der internettet framleis knirkar seg av og på, i krokar av landet der dei offentlege kulturtilboda blir sentraliserte bort, eller der det offentlege ordskiftet er fråverande. Eit døme: Frå 1995 til 2005 vart talet på bibliotekeiningar redusert med 325, eller over ein firedel. Ved utgangen av 2005 var det 832 folkebibliotek, skriv SSB. Betre stilt er det ikkje med den offentlege debatten. Dei offentlege møteplassane er fåe. «Dei fleste lokalavisene har monopolsituasjon i lokalsamfunna sine. Dei har ikkje konkurranse og ikkje nokon som pressar dei», seier Torgeir Dimmen på Høgskulen i Volda. Positiv og einsidig lokalavisjournalistikk, men òg manglande kultur for debatt og usemje gjer at bygdefolk droppar å engasjere seg, ta del i debatten og seie meininga si.

Noko skjer. På Fagernes i Valdres har ei fri og uavhengig gruppe starta Valdres-debattane, med tilhald på det lokale biblioteket og med støtte frå Fritt Ord. Målet er å skape ein ny arena for offentleg ordskifte, ein debattarena der verdien av usemja får herske fritt. Mellom 80 og 100 menneske møter fram kvar gong. Under debattane blir det servert brennheite samfunnsspørsmål som er aktuelle for befolkninga i regionen. På biblioteket får ein servert traktekaffi og serinakaker i pausane. Garva lokale og nasjonale samfunnsaktørar tek del i eit breitt samansett debattpanel.

Byfolk i dei større regionbyane er ikkje avhengige av nye kulturarenaer for å vareta det offentlege ordskiftet. Dei store regionbyane treng heller ikkje fleire møteplassar og kaffibarar for å snakke med forfattarane eller å skvaldre om dei nye bøkene. I staden for å fôre byborgarane med endå fleire kulturbygg, endå meir kaffi og endå fleire forfattarmøte bør ein i staden stimulere til meir kultur der kulturen i røynda manglar. Norsk kultur er ei demokratisk vare. La oss fordele henne likt.

Knut Aastad Bråten
Ole Aastad Bråten

Mer fra Debatt