Annonse
14:59 - 03. januar 2013

Naivt fagmiljø

Annonse
«Talsmenn for evolusjonsbiologien kan lira av seg kva som helst utan å bli arresterte av sine eigne.»

Naturens kulturhistorie

Evolusjon. Naturens kulturhistorie er skrevet av biologen Markus Lindholm og utgitt på Spartacus forlag nå i høst.

Evolusjon imøtegår han det han mener er biologistisk tilnærming til evolusjonen, og argumenterer for at organismene tvert imot tar del i sin egen utvikling, og påvirker evolusjonens gang.

Boken, som har fått gode kritikker i mange aviser, ble slaktet i Morgenbladet av forskningsjournalist og forfatter Erik Tunstad. 

Følg debatten:

NATURENS KULTURHISTORIE

I kjølvatnet av debatten om Naturens kulturhistorie av Markus Lindholm har representantar for det evolusjonsbiologiske fagmiljøet offentleg gått god for boka Det biologiske mennesket av Terje Bongard og Eivin Røskaft. Det tyder på at den interne kritikken er for svak.

For sjølv om Bongard og Røskaft skriv greitt nok om fysiologi, avslører dei svært mangelfull kunnskap om menneskeleg atferd. Ein ting er at dei stadig gjentek at kvinner liker å pynta seg, men aldri kjem inn på at menn er minst like pyntesjuke, slik det opp gjennom historia er blitt demonstrert av medaljedekorerte offiserar, og av pavar og kardinalar i gull og skarlagen. Verre er det at forfattarane er så godt som blanke i kva som skal til for å ala fram forplantingsdyktige etterkomarar. For i denne boka treng ingen anstrenga seg meir for å få tak i mat enn dyr i zoologisk hage. Til liks med statstilsette forskarar kan dei via all si tid til det sosiale spelet i flokken.

Grunntesen i evolusjonsbiologien er at meininga med livet er å spreia det genetiske arvematerialet. Det blir teke for gitt at valdelege menn med sterkt kontrollbehov får mykje og vellykka avkom, endå det aldri har blitt vitskapleg bevist at det faktisk er tilfellet. Det finst jo eitt og anna som talar frå, til dømes at barn blir nervøse av å veksa opp med slike fedrar, og dermed dårleg rusta til å hevda seg i næringssøk og makeval.

Enten det er slik eller slik, er det merkeleg at det enno ikkje er blitt gjort ei systematisk undersøking av kor mange barnebarn og oldebarn den eine kontra den andre atferda fører til. Ei kartlegging av DNA i dei tre-fire generasjonane som me har levande iblant oss, ville kunna hjelpa eit godt stykke på veg.

Men inntil vidare kan talsmenn for evolusjonsbiologien lira av seg kva som helst utan å bli arresterte av sine eigne. Det biologiske mennesket hevdar den eine stunda at dei nolevande menneska er resultat av kvinners val, for så i neste andedrag å påstå at muslimsk innestenging av kvinner er ein evolusjonell fordel. Det er endåtil eit utslag av ein «evolusjonær logikk i islam» når valdtekne jenter blir drepne av dei mannlege slektningane sine. Kva biologisk fordel ein familie kan ha av å slita og streva i årevis for å få ungane til å leva opp, for deretter å slå dei ihel før dei rekk å vidareføra arvematerialet, blir forbigått i det stille.

Dersom evolusjonsbiologien skal bli noko meir enn ein småfascistisk pseudovitskap, må han gå sterkare inn på det som skil menneskekulturen frå dyrelivet. I overgangen frå jungelen til stammesamfunnet blei det innført eit naturstridig regime som me framleis lever under. Ein patriark med rett til å tvinga unge menneske inn i ufrivillige ekteskap set det naturlege utval til sides på ein måte som ligg langt utanfor maktområdet til ein sjimpanse-alfahann. Å forklara den menneskelege atferda som rein biologi kan derfor ikkje bli anna enn ein leik med ord.

 

Solveig Aareskjold

Forfattar

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt