Annonse
23:34 - 03. mai 2012

Schau og Behring Breiviks syn på kristendom

Annonse

22. JULI

Kristopher Schau og Anders Behring Breivik er einige i påstanden «Kristendommen er en krigsmaskin». Som katolikk og pasifist skjer ei slik utsegn meg i hjarta. Eg tenkjer på kva mine ubevæpna brør og systre i trua som blei drepne av romerske keisarar dei første hundreåra etter Kristus ville tenkja om ein slik påstand. Eg vil gjerne opplysa Kristopher Schau om at det var forbode for medlemmer av den tidlege kristne kyrkja å drepa – uavhengig av om ein var soldat eller ikkje.

Det Schau og Breivik ser som ei krigsmaskin, fostra ein kristen biskop ved namn Basilios av Caesarea (330–379). Han starta eit omfattande sosialt arbeid, som mellom anna inkluderte eit fattighus og eit sjukehus. Dette sosiale arbeidet har kyrkja drive både før Basilios og heilt fram til vår tid. I ei preik seier Basilios følgjande: «Jakka som du vaktar i eit låst skåp tilhøyrer den nakne. Skoa som råtnar i skåpet ditt tilhøyrer den barføtte. Sølvet du har gøymt på ein trygg stad tilhøyrer den trengande. Difor, så mange som du kunne ha hjelpt, så mange har du synda mot.» Ikkje akkurat krigshissing?

Det stemmer at enkelte menneske, som Anders Behring Breivik, har brukt kristendommen som påskot til å drepa og føra krig. På same måte som andre har brukt buddhisme, islam og ateisme til same føremål. Men det er ikkje religionen som er problemet, men det forferdelege og djupt menneskelege begjæret etter vald.

Den kristne forfattaren, Aleksandr Solsjenitsyn, sat i Gulag-fangeleir under det ateistiske regimet i Sovjetunionen. Han uttrykte seg slik: «Dersom det var så enkelt at berre vonde menneske gjorde vondskapsfulle gjerningar, kunne ein ganske enkelt separera dei frå resten av oss og øydeleggja dei. Men delelinja mellom godt og vondt går tvers gjennom hjarta på kvart enkelt menneske.»

Tankefeilen Kristopher Schau i dette tilfellet deler med Anders Behring Breivik er trangen til å skapa eit fiendebilde – plassera rota til alt vondt hjå ein bestemt religion. Den kristne trua seier i staden at ein skal sjå bjelken i sitt eige auga, før ein kan peika på feil hjå andre. Dersom Kristopher Schau tek dette inn over seg får han ein tanke mindre til felles med Anders Behring Breivik. Det er ikkje så reint lite, berre det.

Øystein Lid
Medlem av Den nordisk-katolske kyrkja

 
Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Toje leser De helliges leir mest som et oppgjør med selvforaktende idealister. Dette er ganske utrolig.
DAB er kringkasting akkurat som FM, og må ikke forveksles med internettradio.
At noen så kaller meg terrorist, kan jeg leve med, selv om det ikke er sant.
«Nasjonalmuseet avhender ikke kunst, som private samlere.Vårt forvaltningsoppdrag strekker seg langt inn i fremtiden.»
«Samfunnet frarøves en viktig kontrollmulighet for å avverge justismord.»
«Frykten for at Norge skal være utsatt for feilinformasjon og løgner i russiske medier er overdrevet.»
«For å utkonkurrere den tradisjonelle vevevirksomheten på 17–1800-tallet, så måtte det en mekanisk vevstol til.»
«Det å angripe sin egen befolkning med illegale våpen og beleire sivile områder, slik som i Madaya, er krigsforbrytelser.»
Hvor har vi støtt på en slik retorikk før? Om jeg ikke husker feil, var det i George Orwells roman 1984.
«LCP burde i prinsippet gjelde alle gamle skrøpelige i hjem eller sykehjem.»
Vi føyer oss lydig til de politiske og sosiale prosjektene lansert av de som kom før oss.