Annonse

Annonse

14:06 - 24. mai 2012

Ein eksplosjon av fordommar

NYNORSK

I Morgenbladet 18. mai går Kjell Arne Harneshaug til åtak på alt og alle som kan knytast til nynorsken. Om han meiner alvor, eller berre prøver å vera ironisk, er ikkje godt å seia – men fordommane han gjev uttrykk for er diverre såpass vanlege at det er tenleg å stikka hol på dei.

For nynorsk er eit elitespråk, hevdar Harneshaug, trass i at nynorsken held seg best i rurale distrikt, og elles er forbode på redaksjonell plass i VG, Dagbladet og Aftenposten. Nynorsken vert stadig vanskelegare å skriva, påstår han vidare, fordi bokmålet påverkar oss. Visst vert me påverka – men meir enn før? Er bokmålsdominansen eit nytt fenomen? At nynorsk er eit vestlandsspråk, er ikkje ein mindre underleg påstand, då nynorsken framleis har kjerneområde også i Agder-fylka, Telemark, Buskerud og Oppland.

Harneshaug slår også fast at nynorsken er utan verdi. Det må han gjerne meina, men det er noko uhyggeleg over det å gje seg sjølv makt til å avgjera kva som har verdi for andre. Sjølv dei som faktisk har eit så kulturlaust og instrumentelt syn på språk, ser vel verdien av å kunna bruka fleire ulike instrument? Eller ville verda vore like rik dersom all musikk var laga med blokkfløyte?

Kor vidt me «nynorskpatriotar» er pyntesjuke, irrasjonelle, kjenslestyrte, lettkrenkte, dømmande og moraliserande, slik Harneshaug vil ha det til, er vanskeleg å argumentera mot – særleg når merkelappane kjem utan grunngjeving. Vurderinga av våre personlege eigenskapar overlèt eg difor til andre å gjera; gjerne til nokon som faktisk har litt kjennskap til oss.

At me vil halda fast på status quo, derimot, er ein rein faktafeil. Det er brei semje mellom «nynorskpatriotar» om at sidemålsordninga er for dårleg. Den som har fylgt med i debatten, har sett at me har kome med mange framlegg til korleis opplæringa kan betrast. Sjå til dømes innlegget mitt i Aftenbladet 18. mai, same dagen som Harneshaugs kronikk stod på trykk.

Skal me tru Harneshaug, er nynorskbrukarane ein gjeng krampaktig patriotiske hipsterar, frå gards- eller lærarslekt, med høg utdanning og mange bokhyller, i ubroten flukt frå nynorskområda. Som innfødd bokmålsbrukar frå byen, med sveinebrev i trevare- og møbelsnikkarfaget som høgaste fullførte utdanning, kjenner eg meg ikkje umiddelbart igjen i dette biletet.

Stereotypiane er kanskje underhaldande, men også upresise og urettvise. Upresise, ved knappast å kunna tena som karikatur. Urettvise, i form av å vera generaliserande overfor dei som skriv nynorsk, og ytterlegare stempla dei nynorskbrukarane som gjer noko så fælsleg som å flytta til byen eller å ta høgare utdanning. Likevel er det nynorskpatriotane som er dømmande og moraliserande?

«Kjemp gjerne, men kampen vil de tape», avsluttar Harneshaug. Det skal han gjerne få seia, men hugs at hans retoriske forfedrar gav uttrykk for akkurat det same for 150 år sidan, då Ivar Aasen la ut på målferdene sine. Språkhistoria har sidan vist oss at determinismen er like upåliteleg som Harneshaugs stereotypiar.

 

Vebjørn Sture
Påtroppande leiar i
Norsk Målungdom

Annonse

Mer fra Debatt