Debatt

Gulbrand Lunde

Krigshistorie

I Morgenbladet 26. oktober har Anders Bisgaard ein samtale med barnebarnet til Gulbrand Lunde, NS-ministeren som omkom i ei ferjeulykke på Vestlandet den 25. oktober 1942. Bakgrunnen er boka Triumf og tragedie. Historien om NS-minister Gulbrand Lunde av Jan Magne Arntsen og Thor Geir Harestad. I boka går forfattarane inn i diskusjonen om dette berre var ei ulykke eller om det var ei likvidering, og om det i så fall var okkupasjonsmakta som stod bak. Samtalen blir avslutta med eit spørsmål frå Lundes barnebarn: «Kanskje kan det også finnes mer informasjon om hendelsen i tyske arkiver.»

Ja, det finst. I ettertid veit vi i det minste kva tysk etterretning skreiv om Gulbrand Lunde i dei hemmelege rapportane som vart sende til Berlin under okkupasjonen. Dokumentasjonen finst i Meldungen aus Norwegen 1940–1945, utgitt i 2008 av Beatrice Sandberg, Stein Ugelvik Larsen og Volker Dahm. Det blir ikkje referert til desse rapportane i boka til Arntsen og Harestad, men rapportane er relevante for spørsmålet om kva grunnar ein på tysk hald hadde for å vere skeptisk til Gulbrand Lunde. Her er eit par sitat frå mai 1942 (eit halvt års tid før ulykka, mi omsetjing):

«Ordet norrøn omfattar i vitskapleg språkbruk utelukkande nordmenn og islendingar … [Gulbrand] Lundes propagerte omsetjing av dette vitskaplege uttrykket over i det politiske betyr altså ei avgrensing av Noreg frå dei øvrige germanarane.»

«Hans [Lundes] distansering overfor Tyskland og avvising av tyske inngrep i sitt arbeidsområde [Kulturdepartementet] har altså mange klart ideologiske [weltanschauliche] grunnar.» Interessant nok, i neste setning blir denne distanseringa overfor Tyskland eksemplifisert ved at Gulbrand Lunde som kulturminister, hadde avstått frå å forby jødisk litteratur, i strid med eit pålegg frå Rikskommissariatet.

Sitata er interessante av tre grunnar: (1) Dei dokumenterer at tysk etterretning var skeptisk til Gulbrand Lunde og at dette vart formidla til Berlin. (2) Dei dokumenterer kva tysk etterretning såg som politisk suspekt hos Gulbrand Lunde, nemleg hans fokus på det nasjonale og norrøne, og dermed ei distansering overfor det tyske. (3) Dei viser at vi i dag, også på dette punktet, bør få eit meir nyansert syn på dei som var på feil side, til dømes at det for tysk etterretning var suspekt å framheve det norrøne i ein politisk samanheng.

Gunnar Skirbekk
Professor em., Universitet i Bergen

Mer fra Debatt