Debatt

Å setje leppestift på grisen

«Avisene kan knapt intervjue ei kvinne med makt eller musklar utan å roe lesarane med at ho elskar kjolar og pynt.»

FEMINISME

I Bakvendtland kan alt gå an. Den franske bustadministeren Cécile Duflot vart ropt og plystra etter då ho dukka opp til parlamentsdebatt i ein blomstrete kjole. Der alle andre såg mannlege, konservative parlamentarikarar redusere ein statsråd til eit sexobjekt – kanskje det mest himmelropande patriarkalske opptrinnet på lang tid – har Morgenblad-spaltist Louiza Louhibi dikta opp ein masse feministar som «med sinte blikk» held sterke kvinner som Duflot nede.

Dei sure feministane, får vi vite, meiner kvinner med makt skal likne på menn. «Feminine trekk byttes mot maskuline trekk, antrekk likeså». Louhibi har løysinga klar: Damer bør smøre på seg leppestiften og spandere på seg ei designerveske. Inspirert av Spanias forsvarsminister Carme Chacón bør dei «bruke feminiteten til sin fordel» (Kva tyder eigentleg det? Å liggje seg til makt? Å overrumple franske mannsgrisar med blomstrete kjole?).

Sånt kan det aldri bli frigjeringsprosjekt ut av. «Retten til å vere feminin», for å nytte Louhibis ord, er på ingen måte truga. Avisene kan knapt intervjue ei kvinne med makt eller musklar utan å roe lesarane med at ho elskar kjolar og pynt – trass i at ho leiar eit parti eller går fort på ski. Dei uflidde feminist-trolla er ei myte frå dei som aldri ville ha noko likestilling. Det som dreiv dei feministiske pionerane var stemmerett, barnehagar og fri abort, ikkje krav om at alle skal ha hengepuppar. I moderne Morgenblad-språk kunne vi kalla dei «unge, samfunnsengasjerte kvinner».

Det er leit at feministar har adoptert denne skremselspropagandaen om seg sjølve. «Kvinners engasjement skal ikke vurderes ut fra prislappen på garderoben», skriv Louhibi, men likevel er det garderoben som er målestokken når ho skuldar andre kvinner for å gjere skam på kjønnet sitt.

Beate Sletvold Øistad
Skribent i Fett

Mer fra Debatt