Debatt

Poesisjiktet: Kvalitet for kven?

«Av og til når ein sit i glashuset og døra er låst utanfrå, må ein kaste steinar for å få luft og for å koma fri.»

POESI

Kva som vert rekna som kvalitet og kva som vert oppfatta som interessant poesi er avhengig av kva for ein sektor ein står i. Ein sektor kan til dømes vera ein redaksjon, ein komité, eit institutt. Eg skal prøva å visa kva eg meiner med dette.

Ellen Einan sendte ein gong dikta sine til Georg Johannesen, og bad såleis om ein respons. «Brenn alt, ulest!» var tilbakemeldinga. Poul Borum vurderte eit år alle nordiske diktsamlingar for tidsskriftet Poetica. Ellen Einan si diktsamling vart plassert på 2. plass på ei topp 40-liste. Andre plass i Norden.

Margaret Skjelbred vendte seg til Den norske Forfattarforeining og bad om ei vurdering. Ho søkte om medlemskap. Ho skreiv på dialekt, Ja, til og med på rim. Ho slapp ikkje inn. Passande nok heitte ei av hennar diktsamlingar: Det er aleine du er. I dag får ho glimrande meldingar i Dagbladet, Aftenposten og NRK.

Det finst ei oppfatning av kva for poetar som passar for Klassekampen, Morgenbladet og Vinduet. Litteraturtidsskriftet Vagant har kome ut sidan 1988. Altså i 34 år. I desse åra har Inger Elisabeth Hansen og Torgeir Schjerven vore aktive i norsk poesiliv og markert seg som poetar i toppsjiktet. Det har ikkje skorta på positive tilbakemeldingar. Elisabeth Hansen er blant dei få som i tillegg til Mehren har vore innstilt til Nordisk Råds litteraturpris med ei diktsamling. Ingen av desse poetane sine dikt har vore prenta eller nemnde i Vagant ein einaste gong?

Poeten Håvard Rem vart møtt med applaus og begeistring av folk som Jan Erik Vold og Eilif Straume då han kom inn i poesisjiktet. Rem har lenge levert dikttekstar av høg kvalitet, men det har vorte tydelegare etter kvart at han ikkje gjer det på den «rette» måten for nokre. Ingunn Økland signaliserte ved utgjevinga av Taksameteret går i 1996 at ho rekna Rem som ute av den seriøse sektoren ho representerer. Ho skriv at få dikt er gode, men at han ser råtøff ut på bokomslaget!

Eit av dei mest openbare døma på praktisering av sektortenking i år kom frå Hadle Oftedal Andersen (heretter HOA) i meldinga av Håvard Rem si «30 – 40 – 50», (Klassekampen, 25. februar). Han innser at visse andre kan ha glede av det som står i den boka; dei som ikkje liker intellektualiserte, eksperimentelle dikt. HOA plasserer Rem i den romantiske tradisjonen, og avviser poesien hans som uinteressant saman med dikta til Jens Bjørneboe.

Det er utenkeleg for ein sektorist at det finst folk som både liker Rem og eksperimenterande og intellektuell poesi. Sektorismen er ei anten/eller tenking: Anten passar ein inn eller så må ein ekskluderast. Då ein litteraturvitar stilte eit direkte spørsmål ved nettopp denne tenkjemåten til HOA i eit lesarinnlegg (Klassekampen 7. mars), skreiv HOA at han bare forklarte oss andre kva samanheng Rem står i historisk, for at Rem ikkje skal stå fram som ein landsbyidiot! Sektorismen sitt andlet kom då til syne.

Å vera inkluderande og aksepterande tyder for sektoristen å vera vag, rund, likegyldig og diffus. Dei som deler opp og isolerer, vert rekna som skarpe og reflekterande og gir frisk og provoserande motstand.

Å oppdaga ulike kvalitetar i dikt har med blikk og lesarerfaring å gjera. Det kan øvast opp, men ikkje standardiserast. Og vil ikkje vera likt for alle. Me må bare auka medvitet om kvar me står og kvar me ser tinga frå, verta meir merksame på vår eiga sektortenking og at andre sitt syn òg kan vera gyldig.

Som kritikar, poet og diktlærar sit eg i eit glashus og kastar store steinar. Av og til når ein sit i glashuset og merker at døra er låst utanfrå, må ein kaste steinar for å få luft og for å koma fri.

For å ta vare på den støtta, dei stipenda og den innkjøpsordninga me har, trur eg det er viktig at me lettar på loket og ser på litteraturen som ein heilskap, ikkje bare opererer innanfor kvar vår snevre sektor. Det vil ikkje minst vera viktig for den smalaste litteraturen. Ved at me ikkje set dei ulike sektorane opp mot kvarandre i ei tid der støtteordningane står i fare, kan me visa solidaritet og stå sterkare.

Helge Torvund
Forfattar og psykolog

Mer fra Debatt