Debatt

Debatten om ubedøva slakt angår Norge

Halal

I Morgenbladet 23. mars svarte Runar Døving på mitt leserbrev «Halal – gamal metode i ny kontekst». Døving skriv at han forventar seg at Viken og hennar stand bidrar til å opplyse om de faktiske forhold i slakt (altså at halal foregår med bedøving i Norge), og ein kan lure på om Døving las mitt lesarbrev særleg godt då eg der nettopp nøye poengterte korleis halal foregår i Norge: med bedøving, akkurat som anna slakt. I tillegg tek eg opp problematikken knytt til ubedøva slakt med fokus på EU.

Døving er også kritisk til at eg gjer halal utan bedøving relevant for Norge, og meiner at norsk offentligheit er feil adresse for debatt om ubedøva slakt. Dette er ein i beste fall rar slutning då Norge er del av eit internasjonalt marked, også for mat. Kjøt som er slakta utan bedøving i EU vert importert både til Norge og Sverige, land som ikkje tillet slakt utan bedøving. Debatten om ubedøva slakt angår den norske forbrukaren.

Også EU ønsker at dyr skal bedøvast før avliving. European convention for the protection of animals for slaughter gir berre unntaksmessig løyve til såkalla rituell slakting, noko som inkluderer kosher (schechita) og halal. I mange EU-land har unntaket blitt regel fordi det er billigare og enklare å droppe bedøving før avliving, og ifølge EU-kommisjonen foregår rituelt slakt i mykje større grad enn kva som er etterspørselen som ligg rundt 8 prosent. Det viser seg at i Frankrike blir 65 prosent av alle kyr og kalvar slakta utan bedøving, og i Belgia 92 prosent av alle sauer (Diarel).

Veterinær Johan Beck-Friis, informasjonssjef i Sveriges veterinärförbund, stilte 12. februar på SVT spørsmål ved kvifor ein skal halssnitte dyr levande når ein har tilgang til metodar for bedøving. Omfanget av rituelt slakt i EU er antageleg, ifølge EU-kommisjonen, større enn vi kjenner til.

Det er utsteda ei rekke fatwaer som seier at bedøving før avliving er greit så lenge straumen som vert nytta ikkje er sterkare enn at dyret i etterkant av bedøvinga vil kunne vakne til live igjen. Blant anna i Storbritannia vert all økologisk halal utført med bedøving ettersom dyrevelferd er ein viktig del av økologisk landbruk.

Kjøt som er slakta uten bedøving er ikkje merka i EU. Forbrukarar som er opptekne av dyrevelferd, har dermed ikkje muligheiten til å velge bort dette kjøtet. Det er også vanskeleg å begrense import av kjøt frå ubedøva slakt då ein ikkje veit kva slakt som er slakta med eller utan bedøving.

Døving er også kritisk til at eg har posta videoar av halal på min blogg. Å vise fram korleis slakt foregår, er god og enkel informasjon. Å advare blogglesarane mot sterke scener, er greit då dette er sterke scener. Videoane viser slettes ikkje når ting går gale, slik Døving insinuerer, men vanlege rutiner for ubedøva slakt.

Eg meiner forbrukarane må få tilgang til kunnskap, det vere seg om korleis ting blir gjort i Norge eller korleis ting blir gjort i EU, halal eller ikkje halal. Norge eksisterer i eit internasjonalt marked og dette må vi forholde oss til.

Anne Viken
Veterinær

Mer fra Debatt