Debatt

Skammens plass

Den jødiske plass

Eg skjemmest kvar gong eg les eller høyrer om korleis Noreg og nordmenn har handsama jødane som individ og folk. Vår soge dei siste to hundre åra er lite ærerik.

Kva skal ein kalle den plassen nede ved kaia i Oslo der 532 jødar vart sanka i hop av nordmenn og deporterte til Tyskland 26. november 1942? Det er gjort gode framlegg, til dømes Ruth Maiers plass og Den jødiske plass. Men desse nemningane reduserer det ansvaret nordmenn hadde for ugjerningane. Eg er difor samd med Nicolas Schwaller som meiner at 26. november-plassen er meir ålment og dekkjande for historikken. Men også dette namnet kan vera i snillaste laget.

Eg meiner difor at det norske historiske skjemdarverket ein novemberdag i 1942 må få eit minne som er talande til oss i all framtid: Skammens plass. Nemninga er såpass uvanleg, og har den føremonen at nye generasjonar på byvandring vil undre seg over namnet og difor stille spørsmål.

Hallgrim Berg

Kulturist og forfattar

Mer fra Debatt