Debatt

Solidariteten under press

---

Utdanningsministeren plasserer heile ansvaret på institusjonane sjølve, og har slik sett «abdisert».

---

Debattinnlegg:
Johan Myking
Instituttleiar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Universitetet i Bergen

HF-KLEMMA


I debatten om den nasjonale knipa for humanistiske fag (Morgenbladet 20. januar) er det velgjerande å lesa innlegget frå fagutvalet for nordisk ved LLE, Universitetet i Bergen. Analysen er langt på veg rett, uroa er velgrunna og engasjement frå studenthald ei heilt nødvendig drahjelp. Dette trass i at Det humanistiske fakultetet i Bergen er på veg ut av den same typen økonomisk krise som fleire av systerfakulteta no er midt inne i.
Det nedslåande biletet skal ikkje dekkja over at det finst humanistiske fag som hevdar seg godt. Biletet har positive nyansar: I Bergen kan ein nemna fag som allmenn litteratur, kunsthistorie, religion og historie. Det skal tilsynelatande små og enkle grep til for at eit fag skiftar status frå å vera kandidat for utfasing til å verta kandidat for nasjonalt ansvar. Det gjeld til dømes teatervitskap, der studenttalet steig kraftig då faget fekk lov å bruka sitt rette namn i annonseringa. Og lingvistikk, som ei stund kunne verka nedleggingstruga ut frå studenttal, går svært godt, takka vere eit fagmiljø som greier å henta inn store inntekter frå EU-systemet til prosjekt som kjem alle humanistiske fag til gode.
Det er likevel ingen grunn til å underslå at nordisk både i Bergen og Oslo er i ein situasjon som innan få år kan gjera faget ute av stand til å fylla funksjonen sin i samfunnet. Utdanningsministeren (Morgenbladet, 13. januar) plasserer heile ansvaret på institusjonane sjølve, og har slik sett "abdisert". Det paradoksale er at institusjonane vert styrte likevel, til dømes gjennom tildeling av studieplassar som krev forskyving av den faglege profilen i faget. Dette får konkrete konsekvensar for andre viktige samfunnsoppgåver. Når den siste faste vitskaplege stillinga i namnegransking forsvinn ved UiB til sommaren, vil kommunane over store delar av Vestlandet mangla eit forsvarleg forvaltingsapparat for innsamling av namn. Produksjonen av pålitelege digitale kart og det faglege støtteapparatet for namnekonsulenttenesta under Kulturdepartementet vert dermed skadelidande. Sjølv ei varsam krymping av emnetilbodet får altså kritiske følgjer.
Og her er vi ved eit viktig poeng: Vi kan ikkje stira oss blinde på situasjonen for eitt fag, t.d. nordisk, og utan vidare venta at humanistiske fag som går godt, skal stilla seg bak i køen til fordel for utsette fag av rein idealisme. Nordiskfaget er eitt av fleire fag som no har bruk for solidaritet frå resten av humaniora, men den solidariteten kjem sjølvsagt under eit urimeleg press når styringssystemet er basert på kvantitative indikatorar på fakultets- og instituttnivå.  Handlingsrommet for fakultets- og instituttleiarar er dermed avgrensa. Store strategiske avgjerder kan ikkje berre vera lokale.

Mer fra Debatt