Debatt

Kyrkja er over-demokratisert

Statskirken

Kva må til for å skape gode og meiningsfulle kyrkjesamfunn? Bør vi samle gudstenestene i færre gudshus? Og er tida moden for å selje ei kyrkje eller to til andre trussamfunn?
    Det er fyrste nyårsdag. Byen søv enno då ein ven er på tråden for å invitere meg ut – på gudsteneste. Det er fellesmesse i Grønland kyrkje i Oslo for alle kyrkjene i Gamle Oslo. Etterpå er det kyrkjekaffi.
    Opningssalmen er alt i gang då vi trør inn i den enkle, men vakre teglkyrkja frå 1868. Orgelbruset er mektig, men få syng. Kanskje ikkje så rart: Kyrkja er nærast tom. Til saman ni deltakarar sit spreidde rundt om i kyrkjeskipet – som har 800 sitjeplassar. Fremst ved altarringen sit presten. «Årets namn er Jesus», seier han halvvegs i preika. Seinare er vi berre åtte deltakarar. Ein av dei frammøtte er gått. Alt er ikkje som det bør vera i Den norske kyrkja.
    Talet på besøk i Grønland kyrkje fyrste nyårsdagen er kan hende eit unnatak. Det glisne oppmøtet er ikkje symptomatisk for talet på besøk i Den norske kyrkja sett under eitt, ifylgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Rettnok heller tala på besøk nedover, men nedgangen er svak. Over 6,1 millionar deltakarar var til stades på gudstenestene i 2010, om lag 123 000 færre enn året før. I gjennomsnitt var det 93 deltakarar på kvar gudsteneste i 2010.
    Også i ein typisk bygdekommune, Nord-Aurdal i Valdres, har talet på kyrkjegjengarar svinga. I 1998 var talet på deltakarar i gudstenester på sundagar og andre heilagdagar 11 554. I 2009 var talet nede i 9239 – det lågaste registrerte talet i perioden (Kirkedatabasen). Talet på gudstenester var i same perioden redusert frå 131 til 120. Er det forma på gudstenestene som får kyrkjelyden til å halde seg heime?
    Arbeidet for kyrkja har dessutan liten appell hjå dei det gjeld – folket. Deltakinga ved Kyrkjevalet 2011 viser dette. Den samla oppslutninga til soknerådsvalet og bispedømmerådsvalet var rettnok betre enn tidlegare år, men interessa for valet – sett under eitt, var elendig. Berre 13,47 prosent av dei med stemmerett deltok. Folkekyrkja er inga folkekyrkje, men liknar meir eit klamt interessefellesskap, noko du må vera med på, noko som gjev deg dårleg samvit om du ikkje deltek. Få av listekandidatane til sokneråda finn motivasjon for arbeidet, seier prestar eg har snakka med. Endå færre har visjonar for det andelege arbeidet. Dessutan kostar valet: Regjeringa brukte til saman 72 millionar kroner på Kyrkjevalet 2011. I tillegg har kommunane faste utgifter til vala.
    Den norske kyrkja kan syne til tusen år lange tradisjonar. Men i likskap med kulturen endrar også Kyrkja seg i møte med samtidas utfordringar. Reformasjonen i 1537 var djuptgripande, og eit ynske om større personleg orientering mot Kristus. Sidan har mykje skjedd: Soknegrensene er flytta, andre er fjerna. Nye bispedømme er etablert. I dag er ei ny, djuptgripande reform i startgropa: Etter fleire hundre år skal Kyrkja og staten skilje lag. I adventstida 2011 vart ei ny ordning for hovudgudsteneste også innført, med lokal, tilpassa utforming. Og: Ei ny omsetting av Bibelen er nettopp avslutta.
    Lista over endringar og tilpassingar er lang. Men må vi setje i sving andre tiltak for å auke talet på besøk i kyrkja?
    Den norske kyrkja sitt arbeid er svært omfattande og ressurskrevjande. Døme: Valdres-regionen, som består av seks kommunar, har heile 24 sokn, som alle fordeler og organiserer arbeidet for kyrkja. Kvart sokn har sine eigne demokratisk valde sokneråd med eitt overordna fellesråd i kvar kommune. I kvart sokn er det også eigne kyrkjer der det blir gjennomført fleire messer i året. Samstundes blir innbyggjartalet i regionen mindre og mindre for kvart år, per i dag 17 994.
    Er kyrkja i ferd med å organisere seg for stor, eller vegrar ho seg berre for å gjera naudsynte grep? Blir arbeidet i og for kyrkjesamfunnet godt og formålstenleg – både for dei som arbeider der og for oss andre – med ei mengd messer spreidd rundt om i alle sokna? Har kyrkja for mange sokneråd? Det avgjerande spørsmålet er om gudsordet framleis har relevans. Er svaret ja – spelar det då noka rolle om vi stengjer døra og gluggane i nokre av kyrkjene – og i staden tukkar oss saman i færre?
    Fleire av gudshusa er gamle og ikkje lenger funksjonelle samlingsstader for messene, korkje på kalde vinterdagar eller som arbeidsplass for tilsette. Dessutan er det dyrt å oppretthalde drift i alle kyrkjene – heile året. Behovet for kyrkjearbeid er heller ikkje det same i dag som for 50, 60 eller 100 år sidan. Det religiøse Noreg krympar år for år, og får selskap av fleire og andre trusretningar. Kan nokre av gudshusa tene som økumeniske gudshus for fleire enn lutheranarane?
    Mange av dei gamle kyrkjene er vakre bygg og er ramme om vakker biletkunst, religiøs poesi og storslagen orgelmusikk. I tillegg til religiøse seremoniar er kyrkjene flotte kulturinstitusjonar, konsertlokale og ikkje minst turistattraksjonar. Og kanskje høver dei like godt som det? Kulturkyrkja Jakob i Oslo er eit kjent døme på nettopp det.
    Den norske kyrkja kan syne til ei lang historie og lange tradisjonar, i tillegg til vellykka endringsprosessar. Men djuptgripande endringar vil også kome i framtida. Den norske kyrkja er i prosess og krev også nye, framtidsretta reformer og tilpassingar. Kanskje kan vi byrje med å styrke det åndelege arbeidet – i færre kyrkjer, i færre sokn?

Knut Aastad Bråten
Redaktør, Folkemusikk

Mer fra Debatt