Debatt

Pelsdyr og etikk – svar frå «studenten»

Etikk

Espen Gamlund undrar seg i Morgenbladet 21. oktober over kva studenten tykte om svaret til Morgenbladets husetikar på spørsmål om pelsdyrhald. Studenten er, i likheit med Gamlund, ikkje spesielt nøgd med svaret.

Eg er ikkje kategorisk motstandar av pelsdyrhald, på same måte som eg ikkje er imot husdyrhald generelt. Når det er sagt, er det eit par ting eg vil lufte. Etikaren skriv i sitt svar til meg: «Man kan ikke godta kjøttproduksjon og avvise pelsproduksjon». Det er eg ueinig i. Det at pels er eit luksusprodukt meiner eg utgjer ein vesensforskjell frå øvrig husdyrhald retta mot matproduksjon. Mat er noko me alle må ha for å overleva, sjølv ein etikar treng mat. Pels derimot, har ikkje vore eit naudsynt klesplagg i Noreg sidan steinalderen. Dei som er forfengelege nok til å ikle seg dyreskrottar skal få lov til det, men dei burde vere viljuge til å betale nok for pelsen til at dyra kan alast opp under anstendige tilhøve. Det blir garantert frykteleg dyrt å gje pelsdyra nok stimulans og bevegelsefridom, samstundes som ein tek omsyn til pelsens kvalitet – men det å gå med pels hadde sikkert blitt desto gjevare. På den andre sida hadde sannsynlegvis kylling blitt ti gonger så dyr, i tilfelle vi la om produksjonen så vi slapp å få flau smak i munnen kvar gong vi åt kylling. Eg personleg er altså ikkje imot pelsdyrhald per se, men ut frå vesensforskjellen mellom pels- og kjøtproduksjon meiner eg, i motsetnad til Etikaren, at ein faktisk kan avvise pelsdyrhald og samstundes godta kjøtproduksjon.

Våre fjerne forfedrar i steinalderen var pelskledde alle som ein, der dei drista seg nordover etter at isen trakk seg tilbake. Pels er sikkert både eit behageleg og varmt plagg på våre breddegrader i desse dagar – så vel som i steinalderen. Men så lenge pelsen blir produsera slik den gjer i dag, vil pelsbrukarar i mine auge vere – kulturelt sett – eit par hakk under våre pelskledde forfedrar frå steinalderen.

Sondre Aasan

«Studenten»

Mer fra Debatt