Annonse
04:00 - 04. februar 2011

Hurra for emotikon!

Annonse

Eg er klar over at Rossavik under tvil godtek at «folk bruker smilefjesene til å kompensere for at de ikke er til stede med sine rike repertoar av ansiktsuttrykk», og at det er inflasjonen i bruken av emotikon som gjer at han ønskjer «død over smilefjesene». Kommentaren framstiller likevel emotikon så negativt at eg vil prøva å nyansera bildet av desse nyvinningane i teiknsystemet. Der er ein viss fare for at ironien til Rossavik har gått meg hus forbi, men det får berre stå til.

Det er i og for seg ikkje eit problem at det oppstår nye teikn som gjer ytringar enklare å forstå. I ei samtale på nettet, der ytringane kjem fort og ein ikkje har tid til å formulera seg så elegant som ein har høve til i ein aviskommentar, er ikkje emotikon noko som gjer kommunikasjonen fordummande, men snarare noko som gjer kommunikasjonen meir effektiv. Er det ikkje flott at ein tek i bruk dei moglegheitene som ligg latente i teiknsystemet vårt?

Det er verdt å hugsa på at ropeteiknet også var ei nyvinning ein gong i tida. Dette kan godt samanliknast med emotikon, for også ropeteikn kan understreka ytraren sitt emosjonelle engasjement. Dersom ein skriv «god jul» utan ropeteikn, kan det faktisk vera grunn til å stussa over korleis bodskapen er meint.

Lånekassen nytta emotikon i plassen. Eg ser ikkje at det skulle utgjera den store, provoserande skilnaden, særleg ikkje om ein tek mediumet som vert nytta, med i vurderinga. Rossavik nyttar ordet «sludring». Eg vil bytte det ut med det meir positivt ladde ordet «småprat» og på den måten oppvurdera denne forma for hurtig avstandskommunikasjon. Eg synest effektive, morosame og tilgjengelege kommunikasjonsformer bør bli sett på som gode. Emotikon vert helst nytta i nett slike situasjonar, eg har i alle fall ikkje møtt på dei i så mange andre samanhengar. I andre kontekstar er folk framleis kapable til å skjønna det som blir sagt ved hjelp av tradisjonelle teikn. Morgenbladet klarer til dømes å kommunisera bodskapen sin til folk utan at dei må ty til emotikon.

Eg trur neppe at ironien, dette elegante retoriske verkemiddel, er truga av desse uskuldige andleta. Dessutan er ikkje alle like begeistra for indirekte kommunikasjon, ironi er slett ikkje alltid ønskeleg, og dette synest eg godt me kan ha eit teiknsystem som tek høgde for. Når det gjeld Lånekassen på Twitter, er det andre spørsmål ein bør stilla seg heller enn spørsmålet om emotikon er bra eller dårleg.

Det kan her nemnast at det allereie eksisterer ein heil del element i språket som er med på å «tilsløra» maktforholda. Dette er språklege strategiar som gjer at ein framstår som høfleg. Der finst nok av strategiar som er langt meir finurlege og potensielt manipulerande enn eit naivt emotikon. Mest relevant er det likevel å sjå på korleis Lånekassen har valt å nytta eit medium som er utvikla for kommunikasjon mellom privatpersonar. Når institusjonar med makt kjem inn på denne arenaen, møter dei eit teiknsystem som er basert på at private ytrar sine behov og preferansar. At ein slik institusjon i det heile gjer inntog i ein slik samanheng, er det verdt å ta ein kikk på frå eit maktperspektiv.

Eg håper med dette at dei emotikona som vart skremde av Rossavik si krigserklæring, har fått tilbake motet til å smila.

Kristine M. Stensland

Student, nordisk språkvitskap

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.