Debatt

Bill mrk: Troll søker monster

Hardanger

Mastekampen er avgjort, og dei stridande kan gå kvar til sitt. På den eine sida har ein dei som ville starta naturvern-jihad og energieffektivisera oss tilbake til mellomkrigstida. På den andre sida dei som meinte at mastene er så vakre teikn på sivilisasjon og framskritt at dei burde stå på flytebryggjer midt i fjorden. Få har komme frå kampen med æra i behald.

Olje- og energiministeren har gjentekne gonger påstått at det er folk flest sin auka straumbruk som er årsak til forsyningsproblema, medan Bergens kommunale kraftselskap sine eigne tal for dei siste ti-femten åra viser at det er petroleumsindustrien sin straumbruk som har auka overlegent mest.

Lokalbefolkninga har tigga, trua og hestehandla seg fram til Hardangerbrua. Det er forståeleg at ein rundt lunsjborda i departementet ristar litt på hovudet over at mastene er så ille i samanlikning. Argument om «lokal nytteverdi» held ikkje: Auka produksjons- og eksportkapasitet på dei enorme vasskraftverka i Indre Hardanger vil på sikt gi langt meir pengar til kommunane enn ei massiv auke i talet på vogntog på Riksvei 7 over Hardangervidda.

Regjeringa på si side har veksla mellom å snakka om kor skånsam og nøye terrengtilpassa linja er, til å spesialløyva hundre millionar kroner for å hindra ein reiselivsapokalypse. Beløpet utgjer rett nok berre sju promille av den årlege produksjonen til reiselivsbransjen i Hordaland, men kanskje held det til å måla Hardangerbrua i kamuflasjefargar.

«Enøk!» svarar linjemotstandarane når det blir snakk om forsyningssikkerheit, og gløymer i farten at verda også vil trenga energi når olja tek slutt. Det teoretiske potensialet for offshore vindkraft i norske farvatn svarar til over hundre gonger dagens totale kraftproduksjon i Norge. Hordaland sine vassmagasin trengst som batteri for å lagra den ustadige krafta frå vindmøller. Det føreset ei mengd linjer mellom mølle og dam.

Hovudstriden har stått om straumforsyninga til Troll-plattforma. Mange framstiller elektrifisering av sokkelen som meiningslaust, og avslører med det grov kunnskapsmangel. Kraftverka på Kårstø og Mongstad gir dobbelt så mykje straum per eining gass i forhold til kraftverka som i dag står ute i havet og driftar plattformane. Klimagevinsten ved elektrifisering er udiskutabel, sjølv om SV sin underlege allergi mot gasskraft i Norge gjer at ein må importera litt kolkraft frå Europa.

Samtidig har Arbeidarpartiet fått det til å høyrast ut som om Grønlandsisen kjem til å smelta før jul om me ikkje får elektrifisert sokkelen omgåande. Argumentet er syltynt. Statkraft har dei siste åra bygd gasskraftverk i Tyskland som er mange gonger så store som Kårstø/Mongstad, og slepp ut fleire hundre tusen tonn meir CO2. Hadde desse blitt bygd i Hordaland, hadde sokkelen vore ferdig elektrifisert for lengst, og Hardangerlinja hadde vore ei ikkje-sak.

Det heile kokar ned til om me skal ta oss råd til å kabla ei linje som ikkje er nødvendig, men på mange måtar svært nyttig. Refrenget er då ofte omtrent slik: «Den rekninga må Statoil eller Statnett eller Statkraft eller Staten generelt ta!» Men Staten, det er oss. Om me betalar over straumrekninga, skattesetelen eller via litt mindre innskot frå Statoil til oljefondet er knekkjande likegyldig. Og skal ein snakka om sløsing må ein sjå på heile spekteret av pengebruk i samfunnet.

Det norske folk er eit digert troll med fem millionar hovud som glefsar i seg alt det får fatt i. Ingen kan kappete med oss. Seks hundre tusen nye tv-ar berre i 2009. Ti millionar fleire flypassasjerar og nær ein halv million fleire bilar dei siste ti åra. Me har dobla importen frå Kina på fem år, og dei byggjer eit hundretals gasskraftverk i året for å produsera billege varer for Vesten.

Når regjeringa no offisielt har erklært at billeg straum er viktigare enn urørt natur, kan me halda fram med gildet. Imens veks søppelberget, lufta blir stadig varmare og sola skin stadig sterkare. Og me har tydelegvis gløymt kva som skjer med troll som får for mykje sol på seg.

Ingebjørn Bleie

Medisinstudent, Universitetet i Bergen

Mer fra Debatt