Debatt

Diagnose: utan arbeid

Uførhet

Kvifor aukar talet på uføre i Norge? Torbjørn Røe Isaksen reflekterer over dette temaet i Morgenbladet 15. juli. Eg las artikkelen hans parallelt med Michel Foucaults Galskapens historie. Foucault peikar på at dei «gale» på eit tidspunkt vart sperra inne i arbeids- og tukthus saman med tiggarar og omstreifarar. Begge utgjorde ein fare for samfunnet gjennom å stå utanfor arbeidslivet. Dei representerte u-orden. Sett frå ståstaden til 1700-talets ordensmakter var arbeidsløyse ein diagnose, og «galskap» hadde primært tapt arbeidsevne som konsekvens. Begge delar vart forklart i moralske kategoriar, som utslag av latskap, og den barske medisinen var tvangsarbeid.

Mykje av dette verkar svært fjernt, og vi brukar eit anna språk om sjukdom i dag. Men er det likevel ein underliggjande slektskap med innesperringa sin tidsalder? I dag får ikkje dei arbeidslause trygd, dei får midlertidig stønad i maksimalt to år. Langvarig økonomisk stønad får ein berre tilgang til etter ein diagnose, som fører til uføretrygd. Tanken bak dette er at ein så snart som råd skal føra folk inn i arbeidslivet att, både i tilfelle av tapt arbeid og av sjukdom. Men det sambandet som slik oppstår mellom sjukdom og økonomi, kan også lesast negativt. Det å stå utanfor arbeidslivet er i seg sjølv ein sjukdomstilstand, ein anomali.

Omverda set også tilstanden fort i samband med bekymringar for rusbruk og kriminalitet. Dette liknar absolutt på bekymringane frå innesperringa si tid.

Ser vi på fråfallet frå vidaregåande utdanning i Norge, blir det i dag møtt med ei rekkje tiltak som skal forhindra alt frå sjukdom til asosialitet og kriminalitet. At eit menneske etter ti år i skulen vil gjera noko anna, burde vi sjå som ein sunn motreaksjon. Men det finst få rom for alternativ. Alle nordmenn skal ha høgare utdanning, og dei manuelle jobbane blir sett bort til arbeidsinnvandrarar. Dermed vil den som spør etter alternativ til vidaregåande utdanning, gå inn i det diagnostiske feltet. Dette er eit økonomisk-kulturelt problem som blir velta over på individet.

Bak desse tendensane ligg det samfunnsøkonomiske ideologiar. Ved å avskaffa arbeidsløysetrygd som fast ordning pyntar vi på statistikken. Vi får færre arbeidslause, men fleire uføre.

Dei økonomiske forklaringane tyder ikkje at folk ikkje blir sjuke og uføre. Ein slik tanke er tvert om ei skjerping av det økonomiske resonnementet, noko som fører til ei klappjakt på trygdemisbrukarar, minst like moralsk hysterisk som det ein kunne observera på 1700-talet. Folk blir sjuke, som dei alltid har gjort, og av mange grunnar. Men det er grunn til å sjå særleg på dei føringane som samfunnet legg for å få folk inn i arbeidslivet, fordi den underliggjande premissen er at arbeidsløyse og diagnose nesten går ut på det same: at livet utanfor arbeidslivet er sjukleg i seg sjølv. Ein slik tankegang er sjølvoppfyllande; den skaper den tilstanden den skildrar.

Jan Inge Sørbø

Professor ved ISF, Høgskolen i Volda

Mer fra Debatt