Debatt

La poesien få gjere som den vil

Poesidebatten

Are Glambek Bøe ønskjer å «si noe om hvorfor poesien er så marginalisert i dagens Norge» (Morgenbladet 8. april). Etter å ha løyst den problemstillinga avsluttar han med å seie kva poesien må gjere for å slutte å vere so marginalisert. Eg går ut ifrå at det ikkje var intensjonen, men klarer likevel ikkje å lese innlegget til Bøe som noko anna enn nedlatande andsynes poesien.

Eg vert provosert både som lesande og som skrivande av korleis poesien vert framstilt som eit utilgjengeleg og sjukt barn som må få lov til å brøle litt, og så vennleg, men bestemt dyttast i rett retning. Analysen går grovt ut på at den moderne verda, globalisert med mektige episke strukturar, liknar ein roman. Poesien derimot liknar verken på ein roman eller på den moderne verda. Den fokuserer på «øyeblikkets flyktighet», prøver å gjere seg stygg og vert dermed utilgjengeleg, og forsøka på å tilpasse seg den moderne verda fører berre til at poesien går enda djupare inn i skalet sitt. Dette må brytast.

Nøyaktig kva Bøe ser innanfor «dette» er ikkje godt å seie. Men løysinga verkar i sum vere å gå meir i eitt med si samtid, søkje ut mot den verda som opptek folk flest og slutte å vere so utilgjengeleg. Eg trur denne haldninga har lite for seg. Kanskje først og fremst fordi fokuset på poesien som marginalisert her nærast vert ei sjukleggjering.

Romanen er frisk, og poesiens sjukdomssymptom er mangel på kvalitetane romanen har. Eg vil heller fokusere omvendt: Kva er det poesien har som romanen ikkje har? Kvifor prøver poesien «hele tiden å gjøre seg prosaisk stygg»? Det er heller ikkje gitt at romanen liknar meir på den moderne verda, eller at ein slik likskap er ønskjeleg eller naudsynt for god/interessant/viktig litteratur.

Vidare meiner eg å ha lese mykje av det Bøe spør etter, i ny norsk poesi. Torild Wardenær si nye bok er omtala i same nummer av Morgenbladet, og eit sitat frå omtalen står i fin kontrast til Bøe: «Tar man i betraktning de syv forgjengerne til Mens Higgsbosonet gnager, er faktisk ikke første linje i årets bok dømt til å tape: ’Jeg forsøker å skrive verden frem, intet mindre enn verden.’»

Kaisa Aglen

Lesande og skrivande

Mer fra Debatt