Debatt

To offer

Katolikkstriden

Eg sit i utlandet og får rapportert hit at «den katolske kyrkjestriden» held fram i Noreg. Bernt Torvild Oftestad skal ha skrive i Morgenbladet at det «er moralsk sett kritikkverdig» at eg sende brev til biskopen då presten Voith gjekk ut i media med klagemål om at presten Pollestad hadde freista «valdta» han ved fleire høve.

Eg ser det som mi plikt å seia frå når eg veit at eit så alvorleg klagemål ikkje er sant. Eg skreiv til biskopen fordi eg faktisk hadde vore til stades og visste at Voiths framstilling ikkje var rett, eg var eit vitne.

«Hva brevskriveren Knut Ødegård har gjort for å bøte på skaden, vites ikke,» skriv Oftestad. Skal eg dra tilbake det eg veit er sanninga? Skulle eg ha teia og då ha risikert at pater Pollestad vart øydelagt som menneske og prest? Dette kan ikkje Oftestad meina. Det var ikkje eg og det var slett ikkje pater Pollestad som hadde invitert media til å vera arena for denne striden som berre kunne enda med at begge dei to hovudpersonane vart offer.

Eg er, på same vis som Oftestad, lojal mot Kyrkja. Eg kan ikkje sjå at vi på nokon stad har avvikande haldning til Kyrkjas magisterium. For meg er dette berre – og berre det – eit spørsmål om å våga å seia sanninga når usanning er i ferd med å øydeleggja for eit menneske. Eg tilhøyrer ikkje nokon «fløy» innan den katolske Kyrkja, eg konverterte for snart 20 år sidan på Island, og har liten kontakt med Oslo-miljøet.

Éi sak er at det verkar som noko overspela når ein gjer omfamningar mellom to vaksne menn til ein heil kyrkjestrid. Alvorleg vert det først når dette stig fram mot ein bakgrunn av rapportar om katolske prestar og overgrep mot born. Det var slik skuldingane mot pater Pollestad kom fram i norske media: Då gleid det eine, det verkeleg opprørande, bildet saman med det andre som det var vanskeleg å sjå noko av allmenn interesse i. Det «onde» her er regien, at det opprørande og kriminelle ved overgrepssaker med prest mot barn, blir overførd til ein bagatellmessig episode mellom to vaksne menn.

Ein katolsk prest lever i sølibat. Derfor er det heilt uinteressant kva for seksuell legning han har. Eg har i løpet av dei 25 åra eg har kjent pater Pollestad aldri registrert noko brot på hans sølibatære liv og lære.

Seksuallivet høyrer ekteskapet til, og ekteskapet er instituert for mann og kvinne. Ein katolikk med homoseksuell legning bør finna andre måtar å kanalisera driftslivet på enn gjennom seksuell praksis.

Det ville vera umenneskeleg – og ukristeleg – å avfeia dette som ein bagatell. Det er ingen bagatell å ikkje kunne leva ut lengslene og driftene sine. Det er ei kristen gjerning å løfta fram alt menneskeleg, også all menneskeleg liding og lengt – og koma medmennesket i møte med forståing og – ja: kjærleik, og det er nett dét Kjell Arild Pollestad har gjort i fleire av bøkene sine, til dømes i Pater Hilarion.

Knut Ødegård

Forfattar

Mer fra Debatt