Annonse
04:00 - 25. juni 2010

Politisk uhaldbart vedtak

Annonse

Domstolane

Eit styrevedtak i Domstoladministrasjonen av 4. juni 2010 opnar for «bruk av religiøst og politisk betingede plagg og symboler i domstolene». Sakspapira er offentleg tilgjengelege.

1) Vedtaket i Domstoladministrasjonen (DA) er ein omkamp på ei sak som vart lagt politisk død i fjor, etter lang og heftig offentleg debatt om religiøse og politiske markørar i politiuniforma. Dommarkappe og politiuniform er to sider av same sak. Det er påfallande at eit underordna administrativt organ på denne måten går imot det som vart resultatet på politisk hald, etter ein debatt om politiuniforma der det var klart kva folkemeininga gjekk ut på.

2) DA har hatt saka ute på høyring, og viser til at det er sprik i svara. Eit par kommentarar til dette:

(i) Høyringsinstansane verkar selektive: Ikkje mindre enn tre samiske organisasjonar er høyringsinstansar, og her står spørsmålet om samekofte i fokus. Men spørsmålet gjeld «bruk av religiøst og politisk betingede plagg og symboler i domstolene», og det er vanskeleg å sjå at det å vere samisk, skulle vere eit religiøst eller politisk spørsmål. Denne forvirringa kjem også til uttrykk ved at samandraget av høyringsutsegnene har overskrifta «religiøse og kulturelle plagg og symboler». Her er «politisk» utan kommentar bytt ut med «kulturell».

(ii) Høyringsinstansane – utover dei i rettssystemet – er i stor monn interesseorganisasjonar med bestemte religiøse og politiske oppfatningar, og dermed med «bundne mandat», slik at svara er nokså forutseibare.

(iii) DA seier at «Det er vanskelig å trekke noen entydig konklusjon ut av svarene». Det bør tilførast at ikkje alle høyringsinstansane har same vekt. Blant dei som vil ha forbod mot religiøse og politiske markørar i domstolane, er advokatforeininga, politiets fellesforbund og kontaktutvalet for innvandrarar og myndigheiter. Blant dei som går inn for religiøse og politiske markørar i domstolane, er Antirasistisk Senter, Islamsk Råd og «Organisasjonen mot offentlig diskriminering».

3) (i) Poenget med uniform i politiet og i domstolane er nettopp å markere nøytralitet overfor særinteresser slik som spesielle politiske og religiøse oppfatningar. Uniforma er ei påminning om nøytralitet til dei som bruker uniforma og eit signal til oss andre. Dette er sjølve poenget med slike symbolske uniformer (i motsetning til «bruksuniformer», som i det militære eller brannvesenet).

(ii) DA grunngir standpunktet sitt på denne måten: «Et regelverk knyttet til religiøst og politisk betingede plagg og symboler vil gjøre grunnholdning […] dommere har med seg fra det sivile liv mer usynlig, enn dersom dommere brukte slike plagg og symboler. Selv om dommeren i avgjørelsen av den enkelte sak ikke blir nevneverdig påvirket av sine grunnholdninger, er det et spørsmål i hvilken grad slike holdninger skal usynliggjøres så lenge det er de usynlige holdningene som er den største utfordringen.» Men kva betyr dette?

(iii) Problemet med plagg – dersom poenget skulle vere å synleggjere det usynlege (slik DA synest å meine) – det er at slike plagg som oftast ikkje gir eintydige signal, slik at vi verkeleg kan vite kva for grunnholdningar ein person har. Kippa eller hijab kan markere eit fritt og privat val, eller aksept av ein bestemt tradisjon, eller støtte til ein bestemt politikk, eller ei religiøs overtyding. Og dersom det er ein religiøs markør, så seier ikkje plagget noko eintydig om kva den religiøse overtydinga går ut på: Inneber det ei gudstru som føreskriv praktiske normer heilt ned i dagleglivet? I så fall kan det bli konflikt mellom statens lover og det som blir oppfatta som gudgitte lover. Plagget aleine kan ikkje «synliggjøre» slike underliggjande oppfatningar. Tvert om vil eit slikt plagg, om det er kippa eller hijab, opne for tvil og uvisse hos «publikum»: Kva betyr det eigentleg?

(iv) Dersom det verkeleg er dette ein vil – å «røykje ut» dommarane – så hjelper det ikkje med plagg. Då må ein ty til språkleg kunngjering. Men i så fall legg ein opp til ei underleg førestelling der dommarane skal stå fram og vedkjenne seg sine grunnholdningar.

Poenget er dette: med sin retorikk om at religiøse og politiske plagg kan tene til å synleggjere usynlege grunnholdningar og dermed verke positivt med tanke på «publikums tillit til domstolene», har DA manøvrert seg inn i ein håplaus posisjon. Kort sagt, dette vedtaket er uhaldbart og uakseptabelt. Det må omgjerast på politisk hald.

Gunnar Skirbekk

Filosof, professor emeritus

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt