Debatt

Jarnburet lukkast

Akademia

Ein kan vera optimist eller pessimist. Men eg trur vi no har passert det som blir kalla kritisk masse, eller point of no returnthe slippery slope: Nyleg var eg inne på heimesida til universitetet mitt (Oslo), der allereie 45 prosent er teknisk/administrativt tilsette, og talde opp dei to slag med utlyste nye faste stillingar: Eg kom til sju vitskapelege stillingar, mot 21 tekniske/administrative stillingar, altså ein til tre. Når vi veit at det tar uendeleg lang tid å tilsetta i vitskapeleg stilling, medan dei tekniske/administrative stillingane stort sett blir fylt opp på ein blunk gjennom at mellombels tilsette velsmurt glir inn i desse, kan ein tenkja seg at UiO er i full fart i retning av å verta eit reint teknisk-administrativt universitet, der dei tilsette administratorane er opptekne med å administrera dei tilsette teknikarane, som på si side arbeider med å leggja dei tekniske tilhøva til rette for administrasjonen. Dette ville verta eit fullkome universitet, med fullkomen rasjonalitet, ettersom dei to gruppene som i dag forureinar denne rasjonaliteten, dei vitskapeleg tilsette og studentane, ville vore fjerna. Eller i det minste kontrollerte til å kunne brukast berre som eit påskot til finansieringa av universitetsbyråkratiet.

At studentane er irrasjonelle er lett å grunngjeva: Dei har jo kome til universitetet for å få rasjonalitet. Dei er naturleg vankunnige, og kjem ut frå ei vidaregåande skule der dei lærer lite. Dessutan er dei unge og utan styring på seksualiteten sin. På universitetet kjem dei inn i eit system som er laga slik at det skal forvirra dei. Før studerte studentane fag, som var lokalisert til faginstitutt der lærarane hadde kontora sine. No studerer studentane program som ikkje held til nokon stader, men ofte er eit samanrask av småkurs frå mange forskjellige fagmiljø som er lokaliserte på mange institutt med uforståelege forkortingsnamn (IFIKK, ILOS, et cetera). Stadig kan ein treffa på forvirra (irrasjonelle) studentar som går kring i korridorane for finna fram til kor dei skal levera oppgåvene sine.

At dei vitskapeleg tilsette er irrasjonelle, er kan hende litt vanskelegare å grunngjeva. Jau, vi har mange forskarar som driv på med det Thomas Kuhn kalla normalvitskap, og dei er greie, rasjonelle folk, og administrasjonen elskar slike, og difor vert dei etter kvart leiarar, det vil seie hanskane til dei administrative hendene, som dei passar perfekt til. Men så er det dei andre, som det er langt fleire av enn Kuhn tenkte seg: dei som driv med «unormal» vitskap, som sjølv om dei ikkje lagar nye grunnleggjande paradigme, slik som Albert Einstein, så i alle høve jobbar i ein forskingsfront, og som trur dei er fri. Deira rasjonalitet er naudsynt kreativt irrasjonell. Han gjer at dei ofte har det vondt, og vert psykisk ustabile når dei stangar hovudet i veggen av di det dei leitar etter enno ikkje er normalt. Samstundes vert dei overveldande invadert av administrative rutinar og skjema, det vil seie rasjonell rasjonalitet, og reagerer med raseri. Ofte har dei rota seg vekk i villmarka, medan administrasjonen vil ha dei inn på tenestevegen. Og eigentleg er dei like forvirra som studentane med omsyn til dei mystiske programma dei underviser innanfor.

Før utgjorde dei noko som blei kalla «professorveldet»: Den gongen var systemet oversiktleg, og det var sjølvsagt at det var den irrasjonale rasjonaliteten som var viktigast på eit universitet, og administrasjonen var i mindretal. Tenestevegane var enno ikkje asfalterte og utstyrte med administrasjonsvern, og det fanst mange snarvegar. Men sjølvsagt og bakvegar.

Men no er dei vitskapeleg tilsette ferdig forvirra og mørna. Den irrasjonelle rasjonaliteten deira er dessutan sett i skammekroken av Forskingsministeren og Noregs Forskingsråd, som berre stør normal, målstyrt prosjektforsking, det vil seie rasjonell normalvitskap, ikkje mållaus leiting i villmarka. Tida for det endelege oppgjeret ser ut til å ha komen. Eg skal ikkje seia noko om Nedkvitne-saka, sjølv om eg har mine tankar. Men eg følgjer med på korleis Pål Veiden sin kritikk vert handsama på Høgskulen i Oslo. For ikkje mange år sidan ville inga leiing våga å gå til eit slikt åtak som det mot Veiden no, og Slagstad like før, og om dei gjorde det, ville dei tapt. For elleve år sidan måtte universitetsdirektør Kjell Stahl gå. No sit etterfølgjaren hans, Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, trygt, på tilhøyrarbenken i rettsakar mot professorar.

Men om den normale rasjonaliteten siger over den irrasjonelle no synest sikker, og «Nurse Ratched» [den tyranniske oversøstera i Gjøkeredet, red. anm.] kan gle seg over at dei vitskapeleg tilsette nervøst stiller opp kvar morgon, snart framføre stemplingsura, så er det alltid nokon som vil vera meir katolsk og disiplinert enn paven bed om. Kantianaren, professor Camilla Serck-Hanssen har meldt seg som friviljug avlastingshjelpar for administrasjonen, og ønskjer å bidra til meir kontroll av denne irrasjonelle rasjonaliteten blant kollegaene hennar. Ho har difor kome med eit framlegg om å innføra ein Ver Varsam-plakat for vitskapelege tilsette. Rett nok understrekar ho at dette skal administrerast av dei vitskapeleg tilsette sjølv, i god kantiansk autonomi – eller eigentleg sjølvtvangstradisjon, i motsetnad til då vi for nokre år sidan skulle underteikna på at vi ikkje ville valdta studentar. Tilsvarande lovar ho med kantiansk newspeak og doublethink at større tvang gjev større fridom. Men sjølvtvang vil berre frigjera ressursar i administrasjonen til å styrka den overordna kontrollen, slik det er vanleg i fangeleirar å satsa på sjølvjustis. Dessutan er framlegget bygd på ein (irrasjonell?!) naivitet:

Serck-Hanssen trur i fullt alvor at om Nedkvitne hadde lese ein paragraf der det står: «Vis respekt for menneskers egenart og identitet et cetera» ville han nok halda kjeft. Men verst er at ei slik dyrking av varsemd og borgarleg vestkanthøflegheit ikkje berre vil gjera dei vitskapelege til normaliserte keisame menneske, men og til keisame normalvitskapelege menneske. Arne Næss ville blitt avkrevd sjølvtvang. Og kva ville hendt med meg etter eit slikt innlegg som dette?

No må ingen tru at eg sjølv har noko i mot dei administrativt tilsette. Som menneske er dei dei beste folka eg treff på jobben, og eg har mykje større glede av å tala med dei enn med mine ofte anten halvautistiske, eller grenselaust fagidiotiske kollegaer, som difor meir enn ein gong har fått meg til å gni tennene mot kvarandre. Men tåler ein ikkje slike folk, får ein finna seg noko anna å gjera. Vert ein krenka av slike: Søk jobb i sundagsskulen! Eit reint administrasjonsuniversitet ville vore ein oase av fred og harmoni. Men det er jo ikkje det eit universitet er laga for?

Arild Pedersen

Professor, Universitetet i Oslo

Mer fra Debatt