Debatt

Den ukjende skatten

Kulturhistorie

Du har sett dei fleire gonger. I bryllaupet til den svenske kronprinsessa i Stockholm i morgon blir dei endå ein gong henta fram frå skattekista. Eg snakkar sjølvsagt om dei kongelege juvelane – diadema.

I tillegg til fjonge hårsveisar og vakre kjolar, er det desse som får vekebladlesarar og glåmfant til å måpe i undring. Men kva veit vi om dei kongelege diadema? Og er det ikkje på tide å syne den kostbare pynten for eit større publikum?

Hovudpynt, eller hovudbunad har ein nytta til alle tider, og i alle sosiale lag. Pynten spegla sivil status, makt og rang. I den folkelege kulturen dekka gifte kvinner seg til med ein rull, rudd, vase eller ein vøling. Ugifte jenter surra hårtustane saman i ei flette, medan ugifte mødrer i Hardanger måtte ta til takke med skammaskautet.

Også i dei fyrstelege slektene finst ein tradisjon for hovudpynt, her kalla diadem eller tiara. Tradisjonen med bruk av diadem, som er eit gresk ord og betyr å binde, er eksklusiv og ikkje minst kostbar. Like fullt har den med åra vorte ein del av den norske kunst- og kulturhistoria. Opphavet til den moderne diademtradisjonen finn vi i Frankrike. Det var då Napoleon krona seg sjølv til keisar og kona si Josephine til keisarinne i 1804, at skikken med diadem fekk vind i segla, særleg blant kvinnene i aristokratiet.

Også i det egalitære Noreg har vi ein smal diademtradisjon. Det heile tok til i 1905. Etter unionsoppløysinga og kongevalet, tok den nye dronninga Maud med seg fleire diadem til landet. Også svenske prinsesse Märtha tok med seg fleire diadem til Noreg då ho gifta seg med kronprins Olav i 1929. Eitt av dei, smaragddiademet, er eit meisterverk frå den nyklassiske perioden (1750–1850). Keisarinne Josephine var truleg den fyrste som brukte det gedigne diademet. Etter hennar dagar gjekk pynten i arv til svigerdottera Augusta. Ho gav det vidare til dottera Amélie, keisarinne av Brasil.

Keisarinne Amélie døydde barnlaus i 1873, og pynten hamna seinare hjå søstera, den svenske dronning Josefina. Sidan har smykka pryda bernadottane, inntil prinsesse Märtha fekk juvelane med seg til Noreg.

Diadem er motefenomen, og følgjer trendane i samtida. Samtidig er dei tidsuavhengige og går sjeldan av moten. Nokre er fleire hundre år gamle. Andre er laga i vår eiga tid. Eitt av dei, eit gulldiadem, er laga i 1997 av smykkekunstnaren Millie Behrens.

Mangfaldet i diademtradisjonen er også stort. Einskilde er enkle, til dømes Sommarfugldiademet, Malteserdiademet eller Viftediademet, alt arv etter dronning Maud. Andre er massive og rikt dekorerte, som det nemnde Smaragddiademet.

I Noreg er det kongen sjølv – in persona – som eig diadema. Dei kvinnelege familiemedlemmene disponerer dei så lengje dei lever, med nokre unnatak: Prinsesse Märtha Louise fekk for ein del år sidan eit diadem i gåve frå bestefar sin, kong Olav. Også kronprinsessa fekk til bryllaupet i 2001 eit diadem i gåve av kongeparet. Ettersom juvelane er kongen sine personlege eignelutar, har dei heller aldri vore utstilte for eit breiare publikum. Samtidig blir juvelane i all hovudsak nytta i viktige, offisielle høve: i samband med statsbesøk, stortingsmiddagar eller i markeringar hjå andre kongelege.

Dei kongelege private juvelane skal også i framtida vera private. Likevel vil det vera av nasjonal og kulturhistorisk verdi om fleire fekk ta juvelane nærare i augesyn. Kva med ein eigen utstilling om den ukjende skatten i samband med 200-årsfeiringa av grunnlova i 2014? I motsetnad til dei private juvelane, er dei statlege kronregalia utstilte i Erkebispegarden i Trondheim. I 2009 gjesta

31 660 publikummarar regalia. Interessa for kongelege juvelar er med andre ord stor.

Kongefamilien har synt stor sjenerøsitet overfor det norske folk, og deler gjerne frå eige liv. Ope Slott er eit døme på det. Kongefamilien har òg ved fleire høve gitt sine eigne klede til museum og samlingar, mellom anna Kunstindustrimuseet i Oslo. I 2002 vart ein større utstilling med dei kongelege brudekjolane opna på Kunstindustrimuseet.

Kongelege diadem, juvelar og smykke er ikkje berre glitter og glam, men knytte til sentrale epokar og hendingar i norsk historie. Juvelane representerer ein smal hovudbunadtradisjon i ei fyrsteleg slekt og er unike døme på europeisk smykkekunst. Nettopp derfor bør dei stillast ut til glede for eit breiare publikum.

Knut Aastad Bråten

Etnolog og redaktør

Mer fra Debatt