Debatt

Raskt og rufsete

Det norske

I Morgenbladet 10. desember blir Thomas Hylland Eriksens omtale av boka Norsk og moderne fronta med eit oppslag om at «skurkene i boken» er «utlendinger og byfolk», nærmare bestemt «hanseater, dansker og tyskere». Denne presiseringa får meg til å undrast på om eg kan vere ein slags rasistisk anti-urbanist. Det kan i denne samanheng vere verdt å nemne at tekstane i boka opphavleg var skrivne for kollegaer i Shanghai.

Dersom ein les boka, vil ein tvertom finne ei sterk og positiv framheving av det tyske bidraget i norsk og skandinavisk historie. Påstanden om skurkar er her 180 gradar feil. Dessutan, i boka blir viktige moderniseringsprosessar ført tilbake til det norsk-danske dobbeltmonarkiet med skilsetjande danske aktørar som Pontoppidan og Grundtvig (og Holberg). Og det ville vere merkeleg om eg som naturalisert bergensar skulle betrakte hanseatar som skurkar. Med andre ord, den framstillinga Hylland Eriksen her gir, er rett og slett ganske sjuskete.

Det er i det heile mangt i denne bokomtalen som er upresist og vindskeivt. Det får så vere. Men eitt punkt fortener ein kommentar:

Hylland Eriksen meiner at det historiske oversynet er skulepensum. Sjølvsagt bør dei store linjene vere pensum. Men denne boka har eit overordna perspektiv der modernisering og det moderne blir forstått i lys av utviklinga av ulike former for rasjonalitet, situert i ulike aktørar og institusjonar. Motargument til dette perspektivet kan komme inn på ulike plan ¿ på det filosofiske og vitskapsteoretiske plan, men også med tanke på utviklinga i norsk historie av ulike former for rasjonalitet, og vidare med tanke på utviklinga av tillitsbasert deltakardemokrati og solidariske velferdsordningar av nordisk type. Det er i dette perspektivet det velkjende samspelet mellom embetsstand og folkelege rørsler inngår. Det er her tale om tunge felles erfaringar, som ved klassekonfliktar eller krig og krise. Visse formande erfaringar sit djupare enn andre.

Det overordna perspektivet på slike skilsetjande erfaringar og moderniseringsprosessar gir samla sett eit blikk på det å vere norsk og moderne som skil seg frå oppfatningar av «det norske» som ein konstruksjon eller også som ein illusjon fordi ein i praksis legg an eit individorientert perspektiv.

Gunnar Skirbekk

Filosof og forfattar av boka Norsk og moderne

Mer fra Debatt