Debatt

Minneverdig materiale

Digital arv

Majoran Vivekananthan tok før helga opp eit viktig dilemma, nemleg spaninga mellom personvernet og historie. Innlegget er tankevekkjande. Eg er glad for at nokon bryr seg om dei lange linene og takkar for at han minner oss på dei. Likevel har eg eit par alternative innspel. Statleg datalagring (ein eigen «facebook») eller sentral datalagring (at nettsamfunna lagrar i æva) er ikkje einaste utveg.

Datatilsynet har rett i at slikt er risikabelt. Faren for misbruk er stor, og større di meir som ligg på same plassen. Vi treng ikkje venta 100 år: Historia syner dette særs tydeleg alt i dag. Personopplysningar lekkjer stadig vekk ut.

I staden for sentral lagring bør brukarane få makta over opplysningane. Når eg slettar meg frå Facebook bør eg få med meg tavleinnlegga og meir i eit format som eg kan lesa. Denne fila kan eg ta vare på sjølv. Staten bør heller passa på at vi får denne retten.

Det er mange grunnar til å vera skeptisk til Google, men med sin «Data Liberation Front» har dei vist vegen fram. Bak det artige namnet ligg ein nettstad med råd om korleis ein enkelt får dataa sine ut.

Kva gjer eg med dei etterpå? Her treng vi folkeopplysning. Det bør vera naturleg å ta vare på minneverdig materiale jamvel om det er digitalt. Når eg døyr, bør det vera like opplagt for dei etterlatne å kika på harddisken som å rota i papira mine.

Historia om folk for 100 år sidan vart teken vare på av vener, familie og forskarar. Våre dagars Henrik Ibsen treng heller ikkje staten som datavoktar.

Leif Arne Storset

Systemutviklar

Mer fra Debatt