Annonse
04:00 - 19. februar 2010

Gjer framandspråka obligatoriske

Annonse

Språk

Artikkelen i Morgenbladet 5. februar om at framandspråktilbodet blir lagt ned ved Universitetet i Stavanger, stadfester at det er på tide å nytte sterkare lut for å heve språkfagas status her i landet. Trass i at ei rekkje positive tiltak har blitt prøvd ut, interesserer ikkje norsk ungdom seg for å lære anna enn engelsk, slik Tora Aasland korrekt hevdar. Studiepoengproduksjonen i fransk og tysk blei halvert mellom 1996 og 2005. 24 prosent av norske økonomistudentar på utveksling fer til Australia, som står for under 0,2 prosent av den norske utanrikshandelen.

Eit tiltak som bør drøftast seriøst er å gjere framandspråka obligatoriske i større grad enn dei er no. Ikkje berre i ungdomsskulen, men òg i høgare utdanning. Alle høgare utdanningsinstitusjonar bør vurdere dette, og spesielt ved HF-fakulteta bør det vere aktuelt. Ein litteraturvitar som verken les tysk eller fransk er ein vits. Det er ingen grunn til at språkkunnskapar ikkje skal vere like essensielt i humaniora som matematikk er det i realfaga.

Dersom det blei stilt krav om dugleik i framandspråk for å komme inn på mastergrad ved HF, ville dette hatt utelukkande positive verknader for samfunnet. Statusen til humanistar på arbeidsmarknaden hadde blitt heva: Landet hadde fått fleire språkkunnige, som alle er samde i at det er bruk for.

Pål Mykkeltveit

Oslo

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt