Debatt

Oppsummering med grisetakling

Bjørneboe-debatten

Det har vore mange tankevekkjande overraskingar i debatten etter Tore Rems Bjørneboe-biografi, og den bestilte oppsummeringa til Trond Berg Eriksen i Morgenbladet for 11. desember går inn i rekkja. Det var eit feilgrep av redaksjonen å velje ein av bokmeldarane til å oppsummere, og artikkelen demonstrerer feilgrepet til fulle. Etter å ha skrive ei begeistra bokmelding i Dagbladet, og deretter registrert den antroposofiske stormen, har Berg Eriksen fått behov for å komme antroposofivennene sine i møte. Nå skal dei også få sitt, og det får dei ved at Berg Eriksen let Rem ramle på den polemiske glattisen, samtidig som han påstår at han står fast ved bokmeldinga si. Det udelikate tilbaketoget blir servert med objektivitetssaus.

Eg trur dei fleste som ikkje har hatt spesielt god kjennskap til antroposofi og antroposofar, og som trudde dette var fenomen som bare levde som sekulariserte relikt i steinerskulane, er blitt sjokkerte over kampanjen mot Bjørneboe-biografien. Kaj Skagen sette tonen i Dag og Tid-meldinga: Ingen som ikkje er med oss, skal fortelje kven vi er: Her gjeld ikkje lovene for vanleg argumentasjon, dokumentasjon og meiningsutveksling, her gjeld lovene for identitetspolitikk og religionskrig. Berg Eriksen relativiserer dette ved å dikte opp ein organisert kampanje og «en delvis skjult agenda» også på den andre sida.

Under dekke av å sparke i alle retningar skriv Berg Eriksen om Rems «tøylede tyskfiendlighet» og at Rem og Jan-Erik Ebbestad Hansen «nekter å se forskjell på Goethe og Hitler». Han gir altså antroposofane full utteljing for deira paranoide hovudpoeng. Påstanden er ein velkalkulert, perfid insinuasjon om intensjonen med boka. Men det finst ikkje belegg for å hevde at Bjørneboe-biografien er uklar i denne forstand. Det finst derimot solid belegg for å hevde det motsette, også frå debatten. Dette må Berg Eriksen vite. Og han må vite at som både bokmeldar og autorisert overdommar er forfattaren avmektig i høve til ein slik påstand.

Berg Eriksen gir Rem-kritikarane nokre andre ubegripelege poeng. Rem får trekk for å bruke «oppslagsverk og eksperter for å finne ut hva antroposofien er». Det må særleg gjelde Helmut Zanders verk frå 2007 om antroposofien i Tyskland. Zander blei møtt av ein minst like hatefull antroposofkampanje i Tyskland som den Rem er blitt møtt med her heime. Etter det eg kjenner til, er dette eit sentralt arbeid på feltet. Det burde vere jobben til ein professor i humaniora å gi poeng, ikkje trekk, for å vere oppdatert på forskingslitteraturen.

Narve Fulsås er professor i historie, Universitetet i Tromsø

Mer fra Debatt