Debatt

Lyst til å lese litteratur som ikke er pensum

Dannelse

Bernt Hagtvets artikkel om dannelse i førre nummer av Morgenbladet er ein av dei viktigaste artiklane som har vore på trykk på lenge. Studentar blir ikkje utfordra til å ha eigne meiningar, tagnad og ei avventande haldning regjerer i alle situasjonar der studentar blir testa på sitt kunnskapsnivå. Det er stille på seminargruppene, det er tafatt på kollokviene. Implisitt: fallhøgda ved å svare feil er høgare enn fordelen av å svare rett, ein kjem best ut av det ved å halde kjeften sin igjen og svare som forventa. Ei utkritisk haldning til dei vitenskapeleg ansatte og til to år eldre seminarleiarar kan like gjerne tolkast som ein total arroganse mot dei verk som har vore med å skape vestleg sivilisasjon dei siste 4000 år.

Eg har nett fullført ein bachelorgrad, ein verdilaus grad både i augene på forelesarane eg har hatt, og fleirtalet av studentar ved universitetet. Berre 15 prosent meinar i dag at dei er klare for arbeidslivet etter ein treårig høgare utdanning. Tre år på universitetet er ikkje nok, folk føler seg ikkje modne. Slik eg tolkar Hagtvet, peikar han på at bøkene ein les må lesast med alvor, slik at studentane forstår forskjellen på å vite kva nokon har sagt, og det å personleg ta stilling til kva det inneber. Modning er for samansett til å kunne målast i studiepoeng. Det er mi klare meining at mange har ein fordel av å dele opp utdanningsforløpet sitt, og modnast i andre delar av samfunnet innimellom. Universitetstilveret er ei boble. Det er ikkje antalet år på universitetet, antalet studiepoeng i seg sjølv som skapar ein person, som modnar, skjerper eller skaper evner til kritisk tenkning. Det er ikkje raffinerte utdrag fra filosofihistoria med fasit og avkryssingsprøver som gir lyst til å lese literatur som ikkje er på pensum. Ynskjet om å sjå alt, for å vite, og få sine mistankar avkrefta. Dette er målet med dannelse, modning, utdanning.

Slik er det ikkje i dag.

Jens Tandstad

Kardang Design

Mer fra Debatt