Debatt

Roms­leg el­ler trong ny­norsk?

Språknormen

Professor John Ole Askedal, primærbrukar av bokmål, har i Morgenbladet 7. desember ein innsiktsfull, lang artikkel om framtida åt nynorsk skriftspråk i samband med drøftingane kring ei eventuell ny, stram skriftnorm for sekundærmålet hans, nynorsk. Nokre merknader til Askedals synsmåtar på nynorskens framtid, slik han skisserer den:

Språkrådet har altså på styremøtet sitt 13. september 2007 vedteke «å laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer», eit arbeid som stranda sist saka var oppe. Mellom dei faktorane som skal telja med i dette arbeidet er «breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråkstradisjonar». Me skjønar fort at her må det liggja eit ovstort arbeid og venta, sjølv om ein kan byggja på materialet og utgreiinga frå 2003. Når det gjeld den pedagogiske sida, som Askedal legg mykje vekt på, vert det ført i marka føremoner både i favør av ei trong norm og ei som er vid nok for dialektbrukarane.

Frå den «tronge» sida heiter det at folk må møta språket ofte, og då i ei form som er nokolunde eintydig, om dei skal læra det godt og bli støe i skriftbruken sin. Og det er sant nok. Både unge og gamle hentar nemleg ofte tilfang til skriftspråket sitt frå anna skriftmål, frå det dei har lese, og ikkje frå talemålet sitt. Nynorsk skriftspråk er heller ikkje noko språkleg eksperiment lenger, der folk gjer som dei vil. For mange alternativ er ikkje spennande språkleg mangfald, men språkleg rot og ugreie, slik somme ser det. Me kan sjølvsagt ikkje ha éi sideform for kvart nes, noko som lett vert meir til stelp enn til hjelp for den jamne brukaren. Heller ikkje treng norma endrast for kvar gong det skjer etter måten små endringar i talemålet kringom. Rettskrivinga skal ikkje berre vera ein leik for filologar.

Frå dialektsida vert det derimot halde sterkt fram at skriftmålet må liggja nær opptil talemålet om folk skal skriva godt og få eit personleg tilhøve til skriftmålet. Og nynorsken byggjer på talemålet, og det i langt fleire delar av landet enn berre på Vestlandet og i dalstroka austpå, slik Askedal tykkjest å meina. Ein uttrykkjer seg alltid best med utgangspunkt i sitt eige personlege mål. Og det er også både rett og sant. Former som representerer ein 150 år lang nynorsk skrifttradisjon og femner om godt innarbeidde og viktige språklege grunndrag i landsdelar eller regionar må få stå. Ei hardhendt normering vil truleg berre føra til endå meir slavisk ordlistebruk og raude strekar i stilbøkene.

Båe leirar har altså på sin måte rett ut frå kvar sin ståstad. Eg meiner for min del at dialekttilnærminga er eit avgjerande argument for ein etter måten vid nynorsk som både tek vare på tradisjonen og er open for nylagingar. Behova for ei eintydig norm kan best stettast ved å gje brukarane meir nynorsk skriftstøtte både i skule og kvardag, anten dei no skriv nynorsk som hovudmål eller sidemål, eller er primær- og sekundærbrukarar av nynorsk, slik Askedal kallar dei. Som lærar for mange vaksne nynorske sekundærbrukarar opp gjennom åra har eg sett kvar skoen trykkjer – dei har for lite «mengdetrening» i nynorsk, for å seia det på idrettsspråket. Slik stoda er no, der både skuleungdommen og andre møter nynorsken svært sjeldan i dagleglivet, skaper det både ustøe og språkleg framandgjering for brukarane. Det er her nok å visa til den sørgjelege lærebokstoda og bokmålsmonopolet i det meste av avisverda og den kulørte pressa. Nynorsken er sjeldan å sjå hos Narvesen, for å seia det konkret. Dette har mykje meir å seia enn korleis nynorsken ser ut, noko som kjem lite fram hos Askedal, men som ein vanleg primærbrukar av nynorsk kjenner som eit særs tungt press. Meir jamn, dagleg kontakt med nynorske skriftstykke er eit «must» – som det heiter no – for ei betre opplæring og ei sikrare, korrekt målføring i denne målforma – som i andre språk.

Olaf Almenningen

Redaktør i Norsk Ordbok 2014 v/ILN, UiO

Mer fra Debatt