Debatt

Frå Nato til EU?

EU

I Morgenbladet 25. april tar Iver B. Neumann til orde for at Noreg bør melda seg ut av Nato og inn i EU. Det nye Nato-standpunktet er interessant, men at Neumann vil inn i EU har vel ikkje akkurat nyhendeverdi.

I desse dagar går det føre seg ein omfattande debatt om EUs nye «grunnlov», Lisboatraktaten, på Irland. Den grøne øya skal, som einaste EU-land, ha folkerøysting, og denne finn stad 12. juni. Eit av hovudargumenta for dei som kjempar for eit nei til traktaten er at han tek EU eit steg nærmare ei militær supermakt, og at EU si militære slagkraft kan bli brukt offensivt, ikkje berre defensivt. Dette trugar tradisjonell irsk nøytralitet, meiner mange. I tillegg blir det vist til artikkelen i Lisboatraktaten som forpliktar medlemslanda til å styrka sin militære kapasitet – Grunnlovsfesta opprusting meiner mange.

Anten ein er for eller mot «vestleg alliansetilknytting» for Noreg finst det tryggingspolitiske argument mot norsk EU-medlemskap. Om ein er skeptisk til vestlege militæralliansar som tek seg til rette globalt utan FN-mandat er det ein fare for at EU sine kampstyrkar kan bli brukt til dette. Det som står i Lisboatraktaten og i EU sin tryggingspolitiske strategi er nemleg at FN-mandat ikkje er noko vilkår for å kunne gripa inn. Tanken bak opprustinga av EU er nettopp at EU gjennom større militære musklar skal bli ein viktigare aktør på verdsarenaen. Ungdom mot EU trur ikkje på snille supermakter, og tek det ikkje for gitt at EU kjem til å opptre markert annleis enn USA.

Om ein meiner at Noreg som eit lite land bør søka tryggleik under ei større vinge er det ingen tvil om at Nato er den største og varmaste vinga. Det er vel heller ikkje utan grunn at dei aller fleste innan forsvaret er ihuga Nato-tilhengarar. Nato sin artikkel 5 gjeld framleis, og den einaste gongen han har blitt aktivisert til no skjedde det ti år etter at den kalde krigen slutta. Rykta om at Nato har gått av med AFP er sterkt overdrivne. Det er ikkje utan grunn av tidlegare austblokkland som Ukraina og Georgia ivrar etter å komma med.

Tore Syvert Haga

Leiar av Ungdom mot EU

Mer fra Debatt