Annonse
04:00 - 28. november 2008

Lat oss tenkja stort

Annonse

Humanistisk forsking

Det blir av og til hevda at humaniora er i krise. Krisa skal dels gjelda det teoretiske og metodologiske grunnlaget for humanistisk forsking, dels samfunnsrelevansen ved denne forskinga.

I det siste har det likevel skjett eit par viktige ting på feltet. Prosjektet Tekst/Historie har vorte presentert med publikasjon og lanseringsseminar, og Forskingsrådet har vedteke ein strategiplan for humanistisk forsking. Alt dette er vel og bra, men er det svar på den påståtte krisa? Og er det ei krise? Eg meiner at om det ikkje er ei krise, så er det i alle fall på tide å tenkja nytt omkring humanistisk forsking. Det gjer korkje Tekst/Historie eller NFRs strategiplan.

Strategiplanen slår fast at «Humaniora handler om hva det i bred forstand vil si å være menneske». Dette verkar lovande, men problemet er at det blir med denne eine formuleringa. Resten av planen handlar (forutan om finansiering) stort sett om samfunnsrelevans: «Humanistisk forsking spiller en nøkkelrolle for velferd og utvikling i Norge.» Dette er sjølvsagt rett og sant, men det er ein altfor snever tankegang, som gjer humaniora til eit supplement for naturvitskapane og til hjelpevitskapar for forsking og utvikling innan velferd, helse og teknologi.

Planen inneheld ikkje noko om kva slags humanistisk forsking vi bør satsa på for å komma fram til ei betre forståing av «hva det vil si å være menneske». Men humaniora må no kunna visa at vi kan bidra med noko meir spektakulært enn «forskingsprogram med vekt på samfunnsrelevans». Vi må få høve og midlar til å driva grunnforsking motivert ut frå nyfikne og undring. Her har vi faktisk noko å læra av naturvitskapane. Fysikarar vågar å stilla store spørsmål om dei fjernaste galaksar og dei minste partiklar, og dei får midlar til slik forsking utan å måtta påvisa samfunnsrelevansen ved Big Bang eller svarte hol. Humanistiske forskarar må våga å stilla like store spørsmål utan å alltid kjenna seg tvungne til å rettferdiggjera forskinga si som bidrag til «velferd og utvikling i Norge», som Strategiplanen formulerer det. Kva er så desse store spørsmåla innanfor humaniora? Tradisjonelt er objekta for humanistisk forsking produkt av mentale aktivitetar hos menneska, såkalla «åndsverk» i form av tekstar, musikk, bilete, og kognitive aktivitetar innanfor språk, filosofi, religion, litteratur.

Nye typar spørsmål vil gjelda sjølve føresetnadene for desse produkta, og framfor alt den evna mennesket har til å bruka språk og skapa åndsverk og tankesystem. Kva er det med mennesket som gjer kultur mogleg? Kvifor er vi den einaste arten som har språk og kultur og komplekse samfunn av dette slaget? Innanfor lingvistikken har det gjennom dei siste to-tre tiåra skjett ei rivande utvikling på forskingsfelt som nettopp prøver å svara på slike spørsmål. I tillegg til at lingvistikken, som andre humanistiske fag, er ein fortolkande vitskap, er han også oppteken av å formulera generelle og testbare hypotesar om språk.

Med utgangspunkt i slike hypotesar søkjer ein å svara på spørsmål som «Korleis kan barn læra eit komplekst språksystem så raskt som dei gjer? Kvifor har alle kjende kulturar språk av same grunnleggjande type? Kvifor har ingen andre dyr eit slikt språk?» Liknande spørsmål vil det også vera relevant å stilla om andre menneskelege produkt og aktivitetar, som biletkunst, musikk, religion, filosofi osv. Men da må vi unna oss for ei stund å gløyma «innovasjon og samfunnsrelevans». Vi må tenkja stort, vi må få eit «CERN» for humaniora. Det vil bli mykje billegare, men det vil gje svar på like interessante spørsmål.

Jan Terje Faarlund

Professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium, UiO

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt