Debatt

Pressestøtte og ytringsmangfald

Ytringskultur

Er norsk presse ein arbeidsplass for journalistar eller eit forum for offentleg meiningsutveksling? Spørsmålet er påtrengjande i lys av debatten om pressestøtte, inklusiv momsfritak for aviser. «Meninger skal ikke skattlegges», seier direktør i Fagpressen, Even Trygve Hansen, i Klassekampen 23. august, i samband med debatten om pressestøtte på bakgrunn av innlegget til Ingjald Ørbeck Sørheim i Norge. En diagnose.

Dette er eit godt argument for pressestøtte. Men er det treffsikkert i dagens mediesituasjon?

Argumentet vil i stor grad avhenge av at norsk presse primært er eit forum for fri og usensurert meiningsutveksling blant opplyste personar, snarare enn ein marknadsbasert og redaktørstyrt arbeidsplass for journalistar. Poenget med pressestøtta (inkl. momsfritaket) er ikkje å subsidiere ei bestemt yrkesgruppe og dei kapitalinteressene som redaktørane er underlagt, men å sikre at eit mangfald av ytringar og ytringsformer kan komme til orde i norsk presse.

Denne problemstillinga vart blottlagt på ein klargjerande måte i Morgenbladet 22. august, der professor Øyvind Gulliksen viser til at Morgenbladet utan vidare endra både språkform og ordval i eit tidlegare lesarinnlegg han hadde i avisa (om språkmeldinga, av alle ting), og der redaksjonen lakonisk opplyser at «Morgenbladet forbeholder seg retten til å gjøre endringer i debattinnlegg i tråd med avisens språknorm». Med andre ord: avisa høyrer til redaksjonen, ikkje det skrivande og lesande publikum. Greitt å vite, i lys av debatten om pressestøtte.

PS: Morgenbladet står ikkje aleine i så måte. Aftenposten, som vi veit, praktiserer same politikk overfor dei som skriv lesarinnlegg, i tillegg til at Aftenposten, liksom Dagbladet og VG, forbyr journalistane å bruke nynorsk. Samtidig blir desse avisene dagleg tilgodesett med millionbeløp til støtte for mangfaldet av ytringar og ytringsformer i norsk presse. Dette er ytterlegare eit argument for at det no er på tide å sjå på den direkte og indirekte pressestøtta i lys av dagens mediesituasjon.

Gunnar Skirbekk

Professor, Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen

Mer fra Debatt