Debatt

Korleis vert evalueringa evaluert?

Akademia

Den siste tida har rolla til studentar og undervisningspersonell i den norske universitets- og høgskulesektoren vore diskutert i Morgenbladet. Professor Geir Lundestad tok opp eit viktig aspekt idet han skreiv at «ifølge siste evaluering av mitt hovedkurs […] sa utrolig nok hundre prosent av studentene seg enig i at undervisningen ’har vært engasjerende’» (Morgenbladet 16. mai). Ein kan stille spørsmål ved grunnlaget for tilbakemeldinga han får.

Dei siste åra har nesten alle norske universitet og høgskular byrja å la studentar rapportere – anonymt og elektronisk – korleis dei opplever undervisninga til enkeltforelesarar. Når Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) vurderer dei ulike universitets- og høgskuleutdanningane, er dette noko av det viktigaste dei ser etter, då det syner at institusjonen har eit «kvalitetssikringssystem». Det er ofte uklårt kva det eigentleg er, men det skal uansett innehalde ei form for anonym evaluering av forelesarar.

Som høgskulelektor ved Høgskolen i Narvik vart eg ved semesterslutt nok ein gong beden om å minne studentane mine om sluttevalueringane av faga eg har undervist i. Studiesjefen vår skriv, eg siterer: «Vi har en utfordring når det gjelder svarprosent, så vennligst tips studenten om at det er viktig at de setter av litt tid til å evaluere emnene de har deltatt i.» Denne utfordringa kjenner nokon av dei vitskapleg tilsette til. Om evalueringa frå våren 2007 veit vi – det vil seie, eg og den andre personen som visstnok maila studieadministrasjonen og etterlyste svara – at dei hadde fått inn så få svar at dei valte ikkje å sende dei ut, og dei tilsette vart bedne om å skrive semesterrapportar utan å få oppgitt nokon evaluering.

Frå ståstaden til studentane er dette sjølvsagt uheldig: Når førelesarane ikkje faktisk har høyrt kva studentane seier, får dei eit svakt grunnlag til å endre seg. Dette gjer også at det ofte kjem fram ein «evaluering» i form av rykte og klagar på gatene – og for den del debattar i media. Denne «evalueringa» vil – som rykte flest – kunne nå ut til alle unntatt den som treng å høyre ho, og utdanningsinstitusjonen kjem då i eit uheldig lys utan at noko vert endra.

Ein annan fare dersom kritikken i evalueringane er anonym, kan vere at idealet om at ein student skal stå ved eigne ytringar, vert kraftig svekka, og at høgskular og universitet ikkje lenger øver studentane i sakleg og open vurderingskultur. På den annan side kan ein seie som det vart ytra av ein delegat frå Ungdommens fylkesting: «Anonymitet er viktig for at eleven ikke skal frykte at den kan ’bli tatt’ av læreren etterpå, med nedsatte karakterer og anmerkninger som resultat.» Ut frå samtalar med studentar trur eg ikkje at dette berre gjeld den vidaregåande skulen. Og det er utvilsamt problematisk for dei høgare utdanningsinstitusjonane dersom studentane opplever at fagkarakterar vert baserte på trynefaktor. Kva kan dei gjere med det?

Slike og andre spørsmål burde vore tekne opp før kvalitetssystem i høgare utdanning vart innført, men då dette ikkje blei gjort, er i alle fall det minste universiteta og høgskulane kan gjere å evaluere evalueringssystemet grundig.

Einar Bovim

Høgskolelektor og tillitsvald for Norsk Lektorlag

Mer fra Debatt