Debatt

Med li­be­ra­lis­men og sekularismen i lom­ma?

Toleranse

I Morgenbladet 7. mars, seier fyrstelektor Kjell Madsen at «en islamist [som] kjenner seg utilpass i det vestlige samfunnet, er en indikasjon på at det liberale systemet fungerer slik det skal». Det er ein påstand som minner både om tautologiske gudsbevis og folkevisdom av typen «god medisin smakar vondt».

For det fyrste, frå islamsk synspunkt må det vera motsett: Rana sin reaksjon indikerer at religionen fungerer slik han skal – sidan Rana viser motstand. For det andre, lat oss snu Madsens tanke mot Den norske kyrkja (Dnk): Ho er i dag utilpass med å vera statskyrkje. Er dette teikn på at medisinen – statskyrkjeordninga – er god? Eller: Det at Staten kjenner seg så merkeleg lite utilpass, viser det at «systemet fungerer»?

Som Madsen er eg kritisk til «mangfold» som mål i seg sjølv. Men det var nett mangfald som vart brukt mot det å velja Kvarme: Oslo med sine mange homofile og muslimar (sic), trong ein «mangfaldig», det vil si liberal og statskyrkjevennleg, biskop. Når no ein muslim har ytra seg – som muslim – så viser det seg at han var mest sympatisk til Kvarme. Skjervheim, som Madsen hentar inn, var oppteken av å ikkje føra dei passive opp på pluss-sida. Madsen, derimot, går ikkje av vegen for å ta den tause majoritet – «antagelig de fleste europeiske muslimer» – til inntekt for sine syn.

Madsen tolkar Skjervheim dit at han med illiberalitet meiner «tanken om mangfold som overordnet gode: Jo mer mangfoldig samfunnet er, desto bedre.» Ein annan lesemåte er at Skjervheim tenkjer på den liberaliteten som vert til krav om å ha same syn – same liberalitet – som ein sjølv har.

I spørsmålet om statskyrkje ser me denne illiberaliteten i praksis: Staten seier at Dnk ikkje kan få sjølvstende før ho er like liberal som staten sjølv. For Madsen er dette greitt. Det einaste kriteriet Madsen har på «sekulær ekstremisme» er om «troende mennesker i Norge [blir fysisk] forfulgt for sin tros skyld».

Madsen låser liberalitet og sekularisme inn i skapet til «dei tolerante»: «Kor tolerante skal me tolerante vera?» Madsen likar dårleg at ein religiøs, Rana, ope stiller spørsmålet om kor tolerante religiøse skal vera. Men dette er ein velkomen debatt. For på same måte som kristne ikkje har Gud i lomma, så har ikkje hegemonane i «det liberale systemet» liberalismen og sekularismen i si eiga lommen.

Liberalisme og sekularisme er i dag verktøy for så vel religiøse som ureligiøse. Rana nyttar dette verktøyet. Det bør ein liberalistisk talsmann helsa velkome!

Leif Halvard Silli

Næringsdrivande m/teologibakgrunn

Mer fra Debatt