Debatt

Noreg er meir enn Oslo Lufthavn

Den nye målstriden

Simen Sætre har tidlegare vist at han har eit brennande sosialt engasjement, og har gjort mykje for å visa fram skuggesidene av både det norske samfunnet og andre land. Lat oss håpa han snart vender tilbake til slike emne, for i dei seinaste to nummera av Morgenbladet har han site og "filosofert" over spørsmål om bokmål, nynorsk og engelsk, og her er det meste diverre berre surr.

Mannen har tydelegvis ein agenda når det gjeld nynorsken. Kanskje er det å drypa dropar med malurt i begeret til alle som har eit positivt forhold til nynorsken på eitt eller anna nivå, kanskje stikk motviljen hans djupare enn dette. I alle fall kjem det “tankerekkjer” og “filosoferingar” på løpande band, som alle går ut på å undergrava nynorsk. Dette gjer han ved å konstruera opp motsetningar og problem som – det innrømmer han òg – ikkje nødvendigvis finst i dag, men som Sætre inne i hovudet sitt tenkjer seg kunne koma til å bli eit problem.

Den 2. februar freistar han å byggja ei motsetning mellom nynorskfolk og innvandrarar, og kallar det “en ny målstrid”. Å tilbakevisa alt han påstår eller insinuerer i den artikkelen, krev eit eige innlegg (men eg oppmodar interesserte til å lesa både brevet frå Likestillings- og diskrimineringsombodet og svaret frå Kultur- og kyrkjedepartementet, som finst på www.nm.no). Lat meg berre her slå fast at ein slik “målstrid” ikkje finst, og at målrørsla engasjerer seg sterkt i å forsvara dei språklege og kulturelle rettane til innvandrarar og andre minoritetsgrupper både her i landet og andre stader i verda. Den 9. februar er Sætre ute med rompa så lang igjen. Denne gongen sit han på Gardermoen og fabulerer, og diktar seg opp ein tenkt situasjon der det brenn på flyplassen, og alle som ikkje kan norsk står i fare for å brenna inne, fordi varselmeldingane berre vert gjevne på bokmål og nynorsk. Dette scenariet er så søkt at det ikkje er nødvendig å argumentera mot det, eg berre konstaterer at Sætre jammen må vera i beit for gode argument mot nynorsk.

Hege Myklebust

Leiar, Noregs Mållag

Mer fra Debatt