Annonse
04:00 - 19. januar 2007

Fadnes har snubla inn i selvskuddet fra Hernes

Annonse

Selvskudd

No kjenner eg ikkje utdanningsbakgrunnen til Ole-Morten Fadnes, men har han gått på vidaregåande skole i Noreg så har han temmeleg sikkert vore innom tekstanalyse. I artikkelen “Årets selvskudd fra Gudmund Hernes” syner det seg at han har gløymt grunnleggande kunnskap.

Tekstanalyse går mellom anna ut på å gjere greie for hovudsynet i ei tekst. Ein grunn til at dette er med i norskfaget er at ein ønskjer at elevane skal vere i stand til å forstå, følgje og oppsummere ei argumentasjonsrekke. Norsklærarar veit at dette er vanskeleg for mange. Og Ole-Morten Fadnes si lesing av “Chaffey har rett – men for sent” av Gudmund Hernes er eit godt døme på at det ikkje alltid er så greitt å få fatt i hovudsynspunktet i ei tekst.

Så vidt eg kan skjønne, etterlyser Hernes med kommentaren sin ei litt breiare tankemessig orientering enn det representantar for norsk næringsliv ved ulike høve har vist. Næringslivskretsar manglar danning, er sjølvopptekne og har vondt for å sjå noko anna enn det som passar med den marknadsøkonomiske teorien. Alt handlar om dei sjølv og alle andre synspunkt og argument er uvesentlege.

Nettopp å vere sjølvoppteken pregar det Fadnes skriv. Han har nok rett i at Hernes ikkje er så oppdatert på www.dn.no som redaktøren av nettstaden kunne ønske, men om dette automatisk gjer han avdanka, er meir usikkert. Ut frå innlegget han har forfatta så verkar det som Fadnes knapt kan ha fått med seg at Hernes ikkje skreiv ein kommentar om samanslåinga av Statoil og Hydro, men om meir allmenne trekk ved samfunnet. Det Hernes skriv om samanslåinga er brukt som døme og går inn i ei argumentasjonsrekke. Dette ser Fadnes, på vant næringslivsvis, bort frå og reduserar kommentarartikkelen til å dreie seg om det som er viktig for www.dn.no. Og er dermed med på å stadfeste at Hernes er inne på noko.

Overskrifta “Årets selvskudd fra Hernes” vert slik slåande. Poenget med selvskudd er at ein legg det ut, men at det ikkje skadar den som legg det ut – det er andre som utløyser skotet. Moglegvis har Hernes lagt ut årets selvskudd – og Fadnes har snubla inn i det. Om ein ikkje reagerer med å verte flau eller å rødme slik Fadnes gjer, kan ein vel ved dette høvet unne seg eit lite smil?

Bjørnar Ødegårdstuen

Norsklærar

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt