Debatt

So­ria Moria-fors­king i det blå?

Statsbudsjettet

«Her gjeld det å legge lista så høgt at ein kan gå rakryggja under.» Desse orda frå ein tidlegare Ap-statsråd er som skreddarsydde for regjeringa sin kunnskapspolitikk. Øystein Djupedal er blant dei som verkeleg har snakka varmt om å satse på kunnskap og forsking. Det skal han ha ros for, og eg trur han har meint det. Likevel, kunnskapsbudsjetta han har lagt fram tyder ikkje på at han kjem over lista. Regjeringa vil ikkje nok på dette feltet.

Sjølv om årets budsjettframlegg for høgre utdanning og forsking er noko betre enn fjorårets, lever ikkje regjeringa opp til eigne Soria Moria-ambisjonar. Vi har fått eit «kunnskapsdepartement», men det er meir eit retorisk grep enn uttrykk for satsing.

På Unio-konferansen hausten 2005 var Kristin Halvorsen klinkande klar: «Jeg lover å følge opp forskningsmeldingen. Målet om å bruke tre prosent av BNP til forsking står fortsatt fast.» Dette var like etter at regjeringa hadde møtt den første kritikken for ein svak forskingsstart.

Finansministeren sa også: «Spørsmålet blir nå om næringslivet greier å stå for to tredjedeler av treprosent-målet. Jeg tviler. Kanskje må det offentlige inn med enda mer.»

To år etter vaklar regjeringa i trua. Treprosent-målet er knapt nok nemnt i budsjettet. Fram til 2010 må det fyllast på om lag seks milliardar fleire forskingskroner berre for å nå ein prosent av BNP, som er den offentlege delen.

Ein skulle i det minste forvente at regjeringa ville opne lommeboka for forsking på klimatiltak og fornybar energi. Men når også Forskingsrådet får kutt i budsjettet sitt, blir det endå lenger fram til Stoltenbergs månelanding.

Årets budsjettframlegg er inga storsatsing for høgre utdanning og forsking, same kor mange gonger Djupedal seier «betre enn Clemet» og «offensivt budsjett». Kristin Clemet måtte forlate taburetten. Og i praksis er fjorårets kvileskjer og kuttet i basisløyvingane på rundt 275 millionar kroner ført vidare.

Rett nok blir dette sukra med diverse øyremerka tiltak. Likevel vil fleire institusjonar få det endå trongare neste år enn i år.

Det blir ein avgrunn mellom ord og gjerning når regjeringa no hevdar at treprosent-målet er så vanskeleg å nå fordi BNP veks så fort. Derfor har vi visst ikkje råd til å satse. Og utan sats, ingen rekord. Å gå under lista er også riv.

Anders Folkestad

Leiar, Unio

Mer fra Debatt