Annonse
04:00 - 10. august 2007

Rein skroting av kjens­le­ne

Annonse

Matlary

«Følelser er uansett uinteressante i politikken og hører til nød hjemme i privatsfæren.» Sitatet er henta frå Janne Haaland Matlarys artikkel «Alltid professor» i Morgenbladet 3. august, ei heller underleg lesing. Ei aggressiv hyllest til det rasjonelle i menneskenaturen og noko som vanskeleg kan karakteriserast som anna enn rein skroting av kjenslene i same. Og ekstra ille let det når orda kjem frå ein professor som er tidlegare statssekretær i Utanriksdepartementet (1997-2000, Knut Vollebæk), og som maktglad læresvein av mellom anna d’herrer Machiavelli og Richelieu er trugande til å hamne der igjen.

Platon og Aristoteles og deira analyser av det rasjonelle står sjølvsagt som klipper i historia, jamvel ein knapt kvartstudert røvar som eg veit såpass, men å avskrive kjenslene snaue to og eit halvt tusen års tenking og erfaring seinare; er ikkje det i drygaste laget, sjølv for ein statsvitar med røtene djupt i slavesamfunnet Antikken? Kva med til dømes nyare forsking innan psykologi, biologi og medisin? Nettopp desse vitskapane har jo gjennom dei siste åra vist at den ubevisste og kjenslemessige sida av menneskenaturen spelar ei framståande rolle i val av løysningar, og då er det vel nærast irrasjonelt å berre lite på den eine, når det ideelle truleg ligg i ein symbiose mellom dei begge? Så kvifor denne panegyriske hyllinga av berre den «harde» halvdelen. Er det i det heile einsleg med plikta om alltid å bere fram det sanne?

Øyvind Erstad

Bakeriarbeidar

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt