Debatt

Kvalitetsfall!

Olsson-skolen

For ei tid sidan var det ein kunstakademikar i Bergen som her i avisa gjekk i klinsj med kritikar Tommy Olsson sin måte å skrive på – dette at Olsson la for mykje subjektiv vekt i kritikken sin, at han surra for mykje rundt i si eiga tankesmie på kostnad av det reint objekt- og deskriptive, den såkalla «Olsson-skulen» og farane ein slik skule hadde på sikt – og i ettertid er det lett å sjå at denne akademikaren hadde rett. Olsson var rett nok nyskapande då han kom, samstundes som han utvilsamt sit inne med dei naudsynte kunnskapane, men no til dags opplever eg han som fanga av si eiga form, og kritikkane hans som like mykje svada som konstruktiv kritikk.

Men det er «Olsson-skulen» som er agenda her, samt Morgenbladet sitt alibi som oppegåande kulturorgan, og eg må berre innrømme det; å lese Svein Egil Hatlevik sin kritikk av Turboneger si siste plate i Morgenbladet 15. juni gjorde underteiknande j… frustrert.

Eg har liten eller ingen interesse av sjølve gruppa Turboneger, men å skrive slik Hatlevik gjer her høyrer ingen stad heime, i alle fall ikkje i Morgenbladet. Heile kritikken var ikkje anna enn puerilt oppkok på kva Hatlevik kunne tenkt seg å skrive, hans eigne våte draumar om tenkte møte med medlemmer av gruppa, samt meir svada over ei heil side. Dersom dette er malen Morgenbladet skal leggje seg på i framtida er det å beklage.

Og sjølv om Hatlevik kan hende er den mest grelle er han ikkje åleine. For den som vil sjå er det lett å oppdage korleis private og altfor ofte inkjeseiande «refleksjonar» meir og meir pregar fleire av journalistane i avisa, og dette kan ikkje karakteriserast som anna enn trist. Med von om betring.

Øyvind Erstad. Bakeriarbeidar.

Mer fra Debatt