Debatt

Kor trang ka­non?

Kanon

I Morgenbladet 1. juni har redaktør Alf van der Hagen ein leiar med tittelen «Trang kanon», der han kommenterer den norske litterære kanon som blei presentert på Lillehammer nyleg. Han avsluttar med ein omtale av Vinjes Ferdaminne, og skriv: «Vel fortjent, selv om en oversettelse av Vinjes reiseskildringer til bokmål ville vært til glede for mange nye lesere. Det samme gjelder for to andre gode bøker på listen: Arne Garborgs Fred og Olav Duuns Mennesket og maktene

Dette med å omsetje Garborg til bokmål har Morgenbladet tidlegare drive ein kampanje for, så dette må vel sjåast på som ei oppfølging og utviding. Eg veit ikkje kor mange glade nye lesarar van der Hagen ser for seg som no skal kaste seg over bokmålsversjonen av Ferdaminne, men eg vil tru det er ganske mange. Sjølv ser eg kanskje ikkje for meg ein einaste.

No er ikkje underteikna absolutt motstandar av å modernisere språket hos klassikarane med varsam hand, og det har då også heile tida blitt gjort. Men meiner van der Hagen at ein moderne bokmålsversjon av Ferdaminne framleis vil vere Vinjes tekst? Og kvifor skulle ei slik omsetjing vere til glede for nokon som helst? Vinje skreiv Ferdaminne på eit språk som enno ikkje fanst, eit språk han faktisk skaper mens han skriv. Og det er dermed det ureine og til tider lett merkverdige ved dette språket som gjer at denne teksten verkar både så morosam og så frisk som den framleis gjer i dag. Og om van der Hagen sjølv synest denne teksten er vanskeleg å lese (og slik må ein jo tolke leiaren hans), så kunne han kanskje seie det i staden for å implisere at det finst ei større gruppe menneske der ute som har lesevanskar.

Konklusjonen til van der Hagen inneber også at han meiner at av våre to sidestilte offisielle målformer, så er det berre éi som er forståeleg. (Er det slik, så har jo det norske utdanningssystemet spelt total fallitt.) Det er kanskje ei noko ekstrem haldning hos ein redaktør i ei avis som gjerne vil stå fram med ein viss intellektuell ferniss. Og om det er dei intellektuelle van der Hagen vil appellere til med slike utsegner, så må det intellektuelle klimaet i Norge i dag vere ganske stussleg.

Eg vil då til slutt spørje van der Hagen: Kva for eit språk meiner han at eit anna verk på kanonlista, Petter Dass' Nordlands trompet bør omsetjast til for å kunne vere «til glede for mange nye lesere»?

Ragnar Hovland

Forfattar

Mer fra Debatt