Debatt

Veidens tunnelsyn

NRK

Vi takkar for merksemda og interessa for utanriksjournalistikken vår. Men i tilfellet Pål Veidens artikkel "Under streken: Tung dag på Marienlyst" kan det verke som om skribenten lid under eit alvorleg tilfelle av tunnelsyn. Eller svekka hørsel.

NRK hadde to medarbeidarar på plass under valkampen og valet i Frankrike. Desse to leverte grovt rekna godt over eit halvt hundre innslag i radio og fjernsyn dei siste 7–8 vekene av valkampen – fram til andre og siste valdagen. Det var reportasjar og kommentarar i nyhetssendingane i Dagsnytt og Dagsrevyen, pluss dei breie magasinsendingane Urix, Helgerevyen, Søndagsavisa, Verda på Laurdag, Ukeslutt, Verda i dag, Dagsnytt 18 og Her&Nå. Pål Veiden kan ikkje ha sett eller hørt alt dette, slik vi kan lese han.

Av dei 50–60 innslaga har tre eller fire omhandla forstadene: I to av desse (Ukeslutt og Dagsnytt) er anti-Sarkozy-stemninga forsøkt forklart, i to andre (Søndagsrevyen og Søndagsavisa i P2) har vi rapportert frå besøk i forstader utanfor Paris. I arbeidet med desse reportasjane var vår medarbeider også saman med fotfolket til Sarkozy. Blant desse tre-fire innslaga må det vere at Veiden har henta utvalet sitt når han snakkar om “absolutt alle reportasjer” og hevdar at NRK har gitt inntrykk av at “det er EN sak som teller i Frankrike”. Er det noe vi har “hamra” inn på kommentarplass, er det den formidable oppgåva kandidaten Royal hadde stilt overfor den dyktige Sarkozy. Og vi har ved ei rekke høve påpeikt det vi meinte var Royals svake sider, både i detaljsaker og som folketalar. Samtidig vil eg seie at NRK hadde forsømt seg om ikkje også det temaet som har plaga Pål Veiden på grensa til komedien, hadde blitt belyst. At Veiden finn grunn til å klistre merkelappen “sosialistpartiets mann” på NRKs journalist (uklart kven av dei – det var to, Veiden!), seier meir om Veiden enn om NRKs medarbeidarar.

Ingen av oss i NRK er ufeilbarlege, og vi har sikkert gjort mye galt også denne gongen. Men vi vil ikkje ha på oss at vi har ein politisk agenda i nyhetsarbeidet vårt. Vi jobbar hardt for å gjøre ein så god jobb som muleg. Og eg synest at dei to journalistane vi hadde Frankrike, fortener betre enn denne insinuerande skittkastinga til Pål Veiden. Dei spegla valdebatten i Frankrike breidt, og dei følgte veljarar gjennom to valomgonger langt unna “forstedene”. I nyhetsarbeidet vårt har vi heller ingen personleg preferanse i forhold til kor presidentkandidatane i Frankrike befinn seg på den politiske skalaen eller kva slags kjønn, etnisk tilhørighet eller seksuell legning dei har. Og vi sit ikkje i NRK og er såra over valutfallet.

Det er ekstra leit at Veiden lar aggresjonen sin gå ut over våre gode kolleger i politisk redaksjon. Det er utanriksredaksjonen som har ansvaret for utanriksjournalistikken i NRK.

Gunnar Myklebust

Leiar for utanriksredaksjonen i NRK

Mer fra Debatt