Debatt

God dag, mann. Hostesaft!

Språk

At Bjørn Vassnes ikkje er i stand til å oppfatte poenga i innlegget mitt, kan eg leve med. Men han bør ikkje sjølv føle seg til pass med at han ikkje forstår seg sjølv. Dårleg filosofi avslører seg ikkje minst ved mangel på logisk konsistens, som språksynet til Vassnes er eit eklatant døme på. Eg gjer eit siste forsøk, og skal gå sakte og punktvis fram.

a) Vassnes har ved ulike høve hevda at humanvitskapane er avskorne frå sikker kunnskap, fordi dei er avhengige av språket. b) Vassnes bruker sjølv det same normalspråket i sin journalistikk. Det eg da spør meg om, er kva konsekvensar dette forholdet må få for lesinga av artiklane hans.

Dersom normalspråket er usikkert og upåliteleg, må nødvendigvis også artiklane hans a priori vere upålitelege. (At språket hos Vassnes er referensielt (i motsetnad til postmodernismen), er eg klar over. Det er mangelen på konsistens som er felles.)

Ei trøyst for Vassnes kan det vere at han er i godt selskap. Moderne filosofi (psykologisme m.m.) er prega av den same tankeløysa.

Så til det andre spørsmålet, forholdet mellom formaliserte teikn, i matematikk m.m. Eg har aldri sagt eller meint at slike teikn har utvikla seg organisk og langsamt, som daglegspråket. Dei er oppfunne og vedtekne konvensjonar. Men meiningsinnhaldet til tal, pluss- og minusteikn, teiknet for kvadratrota etc. er normalspråkleg formulerte tankar før dei blir gjort til formalteikn. Funksjonelt er det ingen forskjell på ordet pluss og teiknet +. Begge er eksakte, men teikna er svært praktiske og forenklande (og sparer plass!).

Dessutan: Det ikkje finst naturvitskap som ikkje er avhengig av “human”kategoriar som identitet, forskjell, substans, kausalitet etc. Det er også berre språkleg kompetente folk som har avstand til tinga og “sette” dei som kunnskapsobjekt.

Endeleg: Det er gjennom humanvitskapen vi forstår røyndomen. Naturen er uforståeleg, og naturvitskapen er utvendig, og usikker kan den også vere. Ingen har hittil skjønt nøyaktig kva som går føre seg i ein atomeksplosjon, og dei lærde er usamde om korleis ein skal forklare såkalla mørk energi.

Jon Langdal

Mer fra Debatt