Annonse
04:00 - 24. mars 2006

Tyngde og letthet hos Ullmann og Giske

Annonse

Me har nyleg vore vitne til sjeldan temperatur i offentleg ordskifte her i landet. På kronikk- og kommentarplass i Aftenposten har ein kulturminister og ein forfattar funne grunn til å heve stemmene. Linn Ullmann reagerer på innhald i Trond Giske sin Kulturens rolle i det nye Norge (09.03) med Det svarte puslespillet (12.03), og Giske svarar henne under overskrifta Ullmanns uutholdelige letthet (15.03). Når eg les desse tekstane, opplever eg at dei to i alle fall delvis snakkar forbi kvarandre. Kva er det eigentleg usemja gjeld?

Giske ynskjer seg kunstnarar med samfunnspolitisk engasjement, eit engasjement som viser seg att i kunsten. Ullmann reagerer på eit kunstsyn som ho opplever reduserer kunsten til reiskap for gode formål. I eit intervju i Morgenbladet førre veke (nr. 11-06) presiserer imidlertid Giske at han er ein varm forsvarar av kunsten sin autonomi.

Ullmann forsvarar engasjert synspunktet at kunsten ikkje må påleggjast bestemte standpunkt i moralske eller verdipolitiske spørsmål. Med ein svært god porsjon manglande velvilje hjå lesaren, kan ho risikere å bli tolka dit hen at ho ikkje synes slike spørsmål er viktige. Giske malar ut ei slik tolking i sitt svar til innlegget hennar. Og han refererer til titlar på romanane hennar i teksten sin for verkjeleg å la ei slik tolking svi. Dette er direkte ufint. Oppfattar verkjeleg Giske Ullmann som så lite sympatisk og empatisk som han her gjev uttrykk for?

Eg ser ingen som helst grunn til å mistenke Ullmann verken for manglande sosialt, politisk eller menneskelig engasjement. Ho seier berre ifrå om at skapande kunst må ha eit utgangspunkt frikopla frå intensjonar om å bidra til “det gode” eller “det nyttige”. Eg har heller ingen grunn til å mistenke Giske for eigentleg å vere imot ein fri kunst. Han skulle berre ynskje at fleire kunstnarar viste eit engasjement for hans gode hjartesaker.

Begge vil ha ein kunst som er meir enn “kakepynt”. Giske er (får vi tru) djupt engasjert i eit verdipolitisk prosjekt, og ikkje berre ynskjer seg, men har reell tru på ein kunst som gjev svar og som handlar. Ullmann sitt prosjekt kan kanskje beskrivast som et utforskings- og erkjenningsprosjekt. Ho vil ha ein kunst som torer å stille spørsmål og som har mot til å ta inn over seg det konfliktfulle og vanskelege, ja, stundom umulige, ved menneskeleg liv og handling.

Kanskje er intensiteten i debatten mellom dei to ikkje først og fremst eit uttrykk for ulike verdiar, grunnleggjande sett. For meg ser det ut til at hovudskilnaden, og mykje av bakgrunnen for usemja mellom dei to, ligg i ulikt opplevde realitetar. I dette ligg det ei grunnleggjande ulik forståing og oppleving av vilkåra ved det å vere til som menneske.

For Ullmann blir Giske naiv – om enn velmeinande. For Giske blir Ullmann uengasjert og provoserande lite velmeinande. Han opplever hennar posisjon som lettvint og uansvarleg, og formulerer overskrifta “Ullmanns uutholdelige letthet” som svar på “Det svarte puslespillet”. Giske ser ikkje at Ullmann nettopp ikkje er lett. Om der er noko uuthaldelig ved Ullmann, så er det tyngde.

Ullmann avsluttar kronikken sin med å seie “…vi forstår ikke hverandre eller kunsten bedre, og vi blir ikke mer integrerte av hele tiden å insistere på at alt skal gå opp til slutt, at alt skal bli godt og bra og trygt.”

Giske svarar “Slik skriver bare den som selv har det bra og godt og trygt”. Igjen viser Giske at han ikkje oppfattar Ullmann sitt poeng. Giske forstår ikkje kva Ullmann meiner. Etter mitt syn er det fordi han ikkje delar hennar eksistensielle plattform. Han ser heller ikkje muligheten for ein annan posisjon, ein annan mental røyndom enn sin eigen, der det gode og trygge kan målast i korleis ting ser ut på ei sosial og materiell overflate. (At denne overflata speglar viktige forhold for menneskeleg livskvalitet kan det sjølvsagt ikkje vere tvil om, berre så dét er sagt.)

Giske sin uttrykte posisjon representerer i stor grad både det politiske og det sosialt korrekte. Kanskje er det berre i kunsten at eit mørkere, tyngre syn har livsrom – og kan bli til å halde ut.

Kjersti Aksnes Hopland

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt