Debatt

Økonomane sin politikk

Når leiarar i selskap med store statlege aksjepostar hankar inn tosifra millionbeløp i opsjonsgevinstar, gnistrar det i samfunnsdebatten. Grunnen er ikkje at det står om store pengar, grunnen er at det handlar om politikk.

Eit særs stort engasjement for saker i grensesnittet mellom økonomi og politikk har prega samfunnsdebatten dei siste månadene.

Ferske døme er sakene om leiarløn i Telenor og Statoil, men slaga om sjukeløn, gasskraft med CO2-rensing på Mongstad og handteringa av den statlege eigarskapen viser òg store sprik mellom økonomiske og politiske interesser.

Fleirtalet av økonomane som tek ordet i slike saker ynskjer seg ein økonomisk-politisk arena med færrast mogleg offentlege inngrep. Dette gjeld i første rekke praktikarar i næringslivet med studium i foretaksøkonomi, og særleg dei som har arbeidsplassen sin i tilknyting til finansmarknaden.

Med grunnlag i økonomisk teori slår dei gjerne fast at maksimering av nytte og inntekt på individnivå er det som gjev størst velferd for samfunnet totalt. Frie marknadskrefter med hjelp frå "ei usynleg hand" er difor det beste for oss alle. Det er i beste fall ei naiv tolking av den økonomiske velferdsteorien som vert lagt ut på dette viset. Verda rundt oss er meir komplisert, og let seg ikkje alltid fange av dei enkle økonomiske modellane.

Spesielt ikkje når resultata vert brukt kun i passande brudd og brokkar, av interessegrupper med ein klar agenda. Like fullt ser ein ofte at ei forenkla praktisering av økonomifaget oppnår stort gjennomslag, for private avgjerder og i utforminga av politikken.

Økonomar analyserer relasjonar mellom menneske og organisasjonar med verktøy frå naturvitskapane. Dette reiser metodemessige utfordringar, som vanlegvis vert overskygga av entusiasmen for eit enkelt og presist verktøy for analyse av sosial åtferd. Økonomar flest gjev tydelege svar på samansette problemstillingar.

Reservasjonar manglar og usikkerheit får lite merksemd – og dei som reiser spørsmål ved konklusjonane frå økonomiske analysar vert gjerne møtt med referansar til uforståelege modellar, i verste fall kombinert med arroganse.

Relevansen av denne forma for kritikk vert tydeleg når økonomane nærmar seg arenaer for politisk meiningsbryting. Aktuelle døme er skattar og avgifter, landbrukspolitikk, bruk av oljepengar, rentesetting, handteringa av staten sine eigarposisjonar og ikkje minst forvaltninga av finansformuen.

Sidan etableringa for ti år sidan var Statens pensjonsfond – Utland (SPU) lenge under kritikk for manglande etiske retningslinjer. Det viktigaste motargumentet mot slike retningslinjer var lenge at dei var kompliserande – og kostbare. Ein måtte gje frå seg litt av avkastninga om den etiske standarden for investeringane skulle hevast.

Å kaste lys over kostnadene ved etiske ambisjonar er utan tvil ei viktig oppgåve. Men spørsmålet er om økonomisk lønnsemd er det einaste relevante kriteriet når etiske standardar skal vurderast for plasseringa av staten si formue?

Ei oppfatning som gradvis har vunne terreng, går ut på at preferansar og haldningar hos eigaren av dei investerte midlane bør kome tydeleg til uttrykk i rammevilkår og retningslinjer for forvaltninga. Eigaren i vårt døme er Stortinget – eller rettare sagt norske veljarar. Hovudsynet blant økonomar stod seg ikkje mot det politiske presset, og kursen for SPU måtte justerast. Etiske reningslinjer i tråd med innstillinga frå Graver-utvalet vart innført i desember 2004. I dag foregår det ei kontinuerleg vurdering av investeringane i dei enkelte selskapa, med Etikkrådet som sentralt rådgjevande organ. Det er vanskeleg å argumentere for at økonomane i Finansdepartementet og i Noregs Bank gikk i bresjen for denne utviklinga, og verken Graver-utvalet eller Etikkrådet har spesielt sterk representasjon av økonomar.

Eit anna område der reinhekla økonomiske interesser stundom kjem på kant med politiske straumar er i utøvinga av den statlege eigarskapen. Næringspolitikken har bevega seg gradvis mot høgre i det politiske landskapet gjennom dei siste 25 åra. Globalisering, liberalisering og deregulering har gripe om seg både i privat og offentleg sektor, og rommet for ein aktiv næringspolitikk er innsnevra i forhold til tidlegare tider. Saman med krefter i LO og SV har venstresida i Arbeiderpartiet teke til motmæle mot denne utviklinga.

Etter regjeringsskiftet i fjor haust vart forventningane om større pågangsmot i næringspolitikk og statleg eigarskap spent høgt gjennom Soria Moria-erklæringa. Sterke kryssande interesser var innsydde i bakteppet då styret i Statoil skulle justerast no i vår. Det mest overraskande i den såkalla Odfjell-saka var kanskje styrken i engasjementet – i begge leirar. Når leiarar i selskap med store statlege aksjepostar hankar inn tosifra millionbeløp i opsjonsgevinstar ser vi òg at det gnistrar i samfunnsdebatten. Grunnen er at ikkje at det står om store pengar. Grunnen er at desse sakene handlar om politikk.

Sjølv om det ikkje ser slik ut her i Norge, finst det to hovudsyn på eigarstyring og selskapsleiing i den internasjonale faglitteraturen. Den anglo-amerikanske tradisjonen set investorane sine interesser i sentrum, og målet for selskapet kretsar utelukkande rundt maksimering av den økonomiske avkastninga til eigarane.

Ein litt annleis tradisjon har utspring i Kontinental-Europa, med større vekt på å balansere økonomiske interesser hos eigarane mot andre interessegrupper rundt selskapet (medarbeidarar, kundar, lokalsamfunn).

Ei dansk tilråding frå Nørby-utvalet i 2001 gjev eit døme på den kontinental-europeiske tilnærminga, mens den norske tilrådinga til eigarstyring og selskapsleiing er sterkt prega av den anglo-amerikanske tradisjonen.

I utøvinga av eigarskapen har regjeringa hittil valt ei passiv rolle, i tråd med prinsippa i den norske tilrådinga. Eit gjennomgåande syn på høgresida er at regjeringa på dette viset framstår som ryddig, kompetent, profesjonell og heilt i tråd med moderne prinsipp for eigarstyring og selskapsleiing.

På venstresida vert regjeringa si haldning kritisert for å vere håplaust passiv. Eitt og same fenomen får såleis diametralt motsett evaluering, avhengig av kompetansemessig utgangspunkt, verdisyn og politisk ståstad. Det ville være naivt å tru at det kun er venstresida som er drive av politiske interesser i desse sakene.

Andre grunnar til å vise varsemd med økonomiske analysar er av fundamental karakter. I den akademiske verda er økonomiske studiar av individuell og sosial åtferd annleis enn i andre samfunnsvitskapelege disiplinar.

Akademiske økonomar vert kritiserte for ei smalspora tilnærming til sosiale og kulturelle fenomen. Andre samfunnsvitskaplege fagretningar innvender at økonomar avgrensar svært spesifikk åtferd til konstruerte arenaer, med eit avgrensa tal forklaringsfaktorar. Økonomane si verd er så idealisert og forutsetningane er så strenge at resultata saknar kraft, vert det hevda.

Forskarar i vitskapsfilosofi reiser framleis viktige spørsmål om kor godt økonomifaget eigentleg eignar seg til analysar av mellommenneskeleg åtferd. Slike spørsmål vert sjeldan lufta i den offentlege debatten.

Kunnskapen er godt utbreidd om styrkane ved økonomiske analysar, mens svakheiter og manglar får lite merksemd. Som med andre fagretningar er praktiseringa av økonomifaget tent med kritiske og sjølvransakande blikk frå tid til anna, og slike er det ikkje altfor mange av. Dette er eit stort og viktig ansvar for forskarar, lærekrefter og alle andre som bruker faget i sitt daglege arbeid.

Kraftige spenningar mellom økonomiske og politiske prioriteringar gjer det freistande å skilje mellom det som er økonomisk fornuftig og det som høyrer til politikken. Økonomar er spesielt ivrige i denne krevjande øvinga, til tross for at deira analysar sjeldan gjev uttømmande svar i saker der økonomiske og politiske interesser står imot kvarandre. Samstundes ser ein støtt at konklusjonar frå økonomiske analyser bråkjekt vert tekne til inntekt for spesifikke politiske syn, som eigentleg har djupe ideologiske røter. Politisk objektivitet vert difor svært problematisk i slike analysar, og det metodiske fundamentet for økonomifaget gjev heller ikkje grunnlag dei skråsikre konklusjonane ein ofte får presentert. Tilrådinga er difor ein porsjon meir varsemd for økonomar som uttalar seg i slike saker, og ein porsjon meir skepsis hos dei som lyttar.

Mer fra Debatt