Debatt

Kristin Clemets tome tank

marknadsliberalismen

Surrealismen lanserte i si tid førestillinga om ei automatisk skrift, l'écriture automatique. Det er denne skrifta eg assosierer med mange av Kristin Clemets artiklar, der bodskapen, år etter år, kan setjast opp som eit par enkle matematiske likningar: marknad = fridom, stat = tvang.

Slik også i Morgenbladet 10. november. Emnet er i dette tilfellet regjeringas framlegg til ny kulturlov, og målet for kritikken er både lovteksten og reaksjonane frå opposisjonen, som skal mangle ein prinsipiell kritikk av Trond Giskes vyar. Med hennar vanlege sans for proporsjonar visar ho til paragraf 3 i lovforslaget. Der heiter det mellom anna at staten har "et overordnet ansvar" for eit breitt kulturtilbod, og at "alle og enhver kan få mulighet til å delta i kulturaktiviteter og oppleve et mangfold av kulturuttrykk". For Clemet har dette "et anstrøk av noe totalitært", og ho kallar fram minnet av flyktande austeuropeiske dissenterar frå Sovjet-epoken. Eg tillet meg å hevde: Det finst i Clemets dramatiske varselrop "et anstrøk" av hysteri.

Rett nok må også erkeliberalisten Clemet vedgå at "av og til og i noen samanhenger trenger kulturen også støtte frå staten". Men som formuleringa viser, skal dette vere unntak, og statsskrekken hindrar henne frå å gi ei positiv grunngjeving for det ansvaret det offentlege må ha. Men kvifor ikkje også knyte statlege og kommunale kulturtiltak til den fridomen folk flest kan nyte? Kven er det som ikkje finn tilgangen til gratis boklån i våre offentlege bibliotek som ei utviding av fridomen. Det finst mange lesehestar blant folk med små middel og som ville bli raka fantar om dei skulle dra til Clemets frie marknad for å skaffe seg lesestoff. Skal det vere nokon konsekvens i Clemets "frihetstyranni" (Ibsen), der vanlege folk berre skal vere kundar, må ho gå inn for Frps forslag om å innføre betaling for boklån.

I dei siste 150 åra har også statstvangen ytra seg i form av diktarløn, kunstnarstipend, statsstipend, forskarstipend, gratis skole og skolebøker, offentlege utstillingslokal, etc. etc. Eg hevdar vel å merke ikkje at Clemet er motstandar av dette, men eg vil gjerne sjå korleis den kulturpolitiske profilen hennar teiknar seg i lyset frå det marknadsdogmatiske fridomsomgrepet.

Clemet har likevel rett i at marknad har med fridom å gjere. På marknaden er kjøkkenassistent Magda og fiskehandlar Røkke prinsipielt likestilt. Begge har ei vare å selje – arbeidskraft i det eine tilfellet og fisk i det andre. Denne likskapen ligg til grunn for demokratiet. Men marknaden blei ikkje skapt av seg sjølv åleine. Politiske revolusjonar og statleg tvang rydda veg for kapitalismen, og for kolonialismen, den første fasen i globaliseringa.

Marknadsøkonomien har i dei fleste utvikla land fått fødselshjelp av statlege, proteksjonistiske lover – konsesjonslover, kontroll med vassressursar og oljekjelder etc. for å nemne eit par relevante norske døme. Alt dette veit Clemet, men den einsidige tvangstanken om den frie marknaden hindrar henne i å seie det. Dermed er ho ein dårleg konservativ tenkar, ein marknadsradikalar.

Marknaden stiller seg heller ikkje i vegen for slaveriliknande forhold og misliker fagforeiningar. Marknadsliberalistar i USA er i dag opprørte over at den kinesiske staten vil innføre visse minimumsgarantiar for anstendige arbeidsforhold i kinesisk industri. Slikt vil ikkje amerikanske og andre investorar ha noko av. Dei vil som Clemet ha fridom.

Clemet prisar med rette alle kulturtilbod vi i dag finn på marknaden – til akseptable prisar. Men det er ikkje berre desse marknadstilboda på kulturgode som kjem nedanfrå, som ho gir inntrykk av. Også kommunale og statlege tilbod er skapt nedanfrå, via politikken. Det var også tilfellet i det gamle hellenske teateret. Dei frie mannlege borgarane hadde gratis tilgang. Det må vere ein opprørande tanke for Kristin Clemet og andre (Milton) Friedmans apostlar i Civita, den tome tenketank.

Jon Langdal

Mer fra Debatt